9. mars 2015

"...every morning you greet me"



I år er det heile femti år sidan The Sound of Music, filmen med Julie Andrews og Christopher Plummer i hovudrollene, hadde premiere (noko som blei heidra under Oscarutdelinga). Filmen har eg ståande her i bokhylla vår, og songane kan eg på rams. Om berre ei dryg veke, skal me ein tur til konserthuset her i byen for å sjå musikalen "in concert" som det heiter (altså: som konsertform og ikkje som ein heil musikal med element som kulissar og kostyme). For snart fem år sidan var musikalen å sjå, som "ordentleg musikal", i Sola kulturhus, og så klart fekk eg med meg det :) Eg gleder meg som ein liten unge til neste onsdag. Det blir så kjekt og bra! Og på brudevalskurset førre måndag, fekk me danse til "Edelweiss", ein av dei absolutt finaste songane i musikalen. Den vil eg dele med dykk her i dag, og samstundes ønskje alle ein fin måndag og ei finfin veke!

Legg igjen ein fin tanke