31. mars 2015

Anthropologie

Reiser opp til hytta i morgon, og eg kan ikkje få sagt kor mykje eg gleder meg. Det skal bli så godt å bytte litt miljø for nokre dagar. Ikkje at det er så langt unna, men det hjelper jo å berre komme seg litt vekk, slå av alt som heiter data og mobil, slappe av, spele brettspel, høyre "Påskelabyrinten", lese krim, ha høgtlesing av diverse quiz og til slutt feire bursdagen min. For på sundag blir eg tjuefem (!) år. Eg skjønner verkeleg ikkje kor åra blir av ;) Hadde eg kunne velje noko til bursdagen frå øvste hylle, hadde eg nok gått "bananas" i butikken Anthropologie. Butikken finst så klart ikkje i Noreg, men eg fann den då me var i New York i fjor. Gjekk rundt og berre kikka (trur me var der to gongar i løpet av opphaldet vårt), fann noko og drøymde om ein heil del, til dømes dei fine steinglasbrikkene, den gule kjolen og den kule kokeboka ;) Og sjekk ut dei kule hekla dyra som var på utstilling! Får jo lyst til å reise tilbake til NY med ein gong, eller kanskje til London, for butikken finst også der, og då kan eg jo besøke Harry Potter Studio Tour i same slengen :D Men enn så lenge så får eg greie meg med ein påsketur til hytta saman med familien og min betre halvdel!

29. mars 2015

Vårleg gult og ei lita sundagsliste

Påskeferien er i gong. Eller nesten, for det blir skule og jobb på oss begge to i alle fall i morgon. Men no i helga har me tatt det ordentleg med ro med ein liten gåtur rundt Mosvatnet, besøk av ei veldig god veninne, tid til å lese noko anna enn pensum, og ein lang, men artig film (It's a Mad, Mad, Mad World frå 1963). Så tar me ferien litt som det kjem. Sundagslista kjem seint, men godt:

gå hand i hand ute i den flotte solnedgangen
✦ dette er meg når eg smakar øl (ha, ha, eg måtte le høgt då eg såg denne fyrste gong), "Finns like it simple", og desse rare folka her ;)
✦ få besøk av den finaste forlovaren, berre prate og ha det ordentleg koseleg!
✦ "Fifteen smiles this friday" og ein liten trudelutt på trekkspel
✦ lese vidare i Harry Potter-serien (er no godt i gong med den nest siste boka), og oppdage kvitteringen frå då eg kjøpte den for ti (!) år sidan :)
✦ prøve gamle, stilige klede på Fretex, slik som den gule 60-talsinspirerte toppen, eller tunikaen, på biletet, sjølv om den ikkje passa
✦ to fine blogginnlegg hos hjartesmil: eit om denne boka og dette innlegget med mange bra og kjekke "kvardagstips"
✦ sjå fram til å vere på hytta nokre dagar i slutten av påskeferien
✦ kjenne ei tåre og to renne ned over andletet då eg las slutten av Harry Potter and the Order of the Phoenix 
✦ 53 bilete som før var i svart-kvitt, men som no er i fargar; ganske så vakkert
✦ bruke det lange skjørtet i den finaste lillafargen som eg kjøpte på Fretex for nokre veker sidan
✦ trur eg ønskjer meg ein kul interiørstige, og dette innlegget gir meg også interiørinspirasjon
✦ setje av tid til å lese saman, han i godstolen og eg i dagsenga, sånn på tampen av veka :)
✦ fine, gode og rørande innlegg: dette innlegget om venskap hos Ina, denne saka om det å vere venleg trass i flykaos og denne her om sorg. Tre fine, viktige innlegg som verkeleg fortener å bli lese!
✦ bryllaupskakesmaking

28. mars 2015

Flott solnedgang og bryllaupsprat

Så flott å sjå solnedgangen frå ein liten haug ute på ein av våre gåturar tidlegare denne veka. Okei, bileta er tatt med eit ikkje så veldig bra mobilkamera, men likevel. Det var så himla fint ute med gåsungar på trea, den solnedgangen og den finaste gåande ved sidan av meg :) I dag har forlovaren min vore ein tur på besøk, for no er det jo påskeferie og då gjer hos som mange studentar, nemleg å reise heim. Kjekt og herleg å få ein del timar saman med ho, og sjølv om det blei mykje bryllaupssnakk, fekk me prata om andre ting også, me lo og koste oss! No regnar og blæs det ute, så eg ser fram til ein roleg kveld inne med ein god film og armkroken til den beste.

27. mars 2015

Eit antrekk med sjel

For nokre veker sidan, fann eg dette lilla skjørtet på Fretex for berre hundreogtjueni kroner. Ein mørk og kjempefin lilla farge, lommer på begge sider og to små søte knappar framme. Og sidan skjørtet er lang og i eit varmt stoff, passar dette perfekt både om hausten, om vinteren og om våren, til alle dei dagane der det er litt sol, men ikkje nok til å kunne gå i korte skjørt og T-skjorter. Å kunne kjøpe eller arve noko brukt, er noko som berre gir meg meir og meir glede, særskilt dei to-tre siste åra. Genseren var eit av plagga eg fekk med meg frå Sunnmøre i fjor haust, ein genser eg tidlegare har vist her. Det blei eit lite bileteras i dette blogginnlegget, men det var så gøy å posere i dette antrekket og då blei det også tatt meir enn to-tre bilete ;) Har lite planar for helga, og neste veke er det jo påskeferie. Blir nok her i byen nokre dagar for å gjere litt skulearbeid og jobb, men ein tur opp til hytta i løpet av ferien, skal me få til :) Vil ønskje alle ei fin helg og ei herleg påske!

25. mars 2015

Prosjekt med leire

Leire. Eit materiale eg ikkje har jobba noko særskilt med tidlegare. Så då eg fann ut at denne månadens tema av Monthly Makers var leire, visste eg ikkje heilt kor eg skulle starte. Men det er jo det Monthly Makers dreier seg om, nemleg det å bli utfordre til å lage noko nytt, vere kreativ med materiale ein kanskje ikkje er så god på frå før. Eg måtte hente litt inspirasjon på nettet, og då fall eg sånn desse fotomagnetane, magnetar som kan likne litt på eit polaroidbilete. Prosjektet var enkelt og tok ikkje så lang tid, så dette er eit prosjekt eg anbefaler vidare for nybyrjarar. Leira eg brukte, kjøpte eg på Clas Ohlson, saman med magnetane. Leira er av merket Das Pronto og er luftttørkande, noko som vil seie at ein ikkje treng å ha den i ovnen. Kjempepraktisk! Eg synest det var veldig kjekt og kreativt å lage ting og tang med leire, og sidan eg hadde mykje leire igjen (enno har eg halve pakken igjen), laga eg fleire ting, nemleg ei fin, lita skål, pynt til å ha på juletreet (litt tidleg ute, ja) og to små pynteroser. Ein bruker det ein har: ei ølflaske blei ei kjevle, pappemballasje blei til underlag, og denne malen for kaffifilterroser, brukte eg til å lage roser av leire. Ein gammal, liten blondeduk, kjøpt på Fretex, funka fint til å lage eit mønster i den lille skåla som eg også fann ut at eg ville lage (mange treff på ei slik skål på nettet, men det er vel denne eg fyrst såg og som eg brukte som inspirasjon). Akrylmålinga på rosene og på den eine pynten til juletreet, hadde eg i ei av hobbyeskene mine, så alt i alt har dette vore rimelege prosjekt å lage med kun leira og magnetane på utgiftsposten. Sjølv om eg sleit med å komme i gong, har det vore ein kjekk prosess, og eg kjem garantert til å lage meir med leire. Polaroidmagnetane, den fyrste idéen, blei eg veldig nøgd med. Til neste gong skal eg hugse å glatte ut ujamnskapar og stygge kantar med vatn før eg set prosjekta til å tørke. Då slepp eg å pusse så innmari mykje med sandpapir i etterkant ;) Desse små prosjekta med leire som materiale, er altså mitt bidrag i Monthly Makers denne månaden.

23. mars 2015

Nyansar av blått

Er det ein farge eg aldri blir lei, så er det blå. Kongeblå er nok den aller finaste nyansen, men også turkis og blånyansar med ein del grønt i, er nydelege. I dag hadde eg på meg det fine settet (smykke+øyredobbar) som me kjøpte på American Museum of Natural History. Eg er eit vanedyr og bruker mykje dei same smykka dag etter dag, men eg kunne ikkje gå i frå dette fine settet. Nydeleg farge og nydeleg fasong, og eg har faktisk brukt det ein god del :) Settet ligg på ei lita skål eg har laga og pusla med den siste veka, og skåla er av lufttørkande leire. Eg skal vise den i sin heilskap seinare denne veka, for den er ein del av mitt bidrag til denne månadens tema av Monthly Makers. Når eg no er inne på fargen blå, måtte eg jo berre ta bilete av cardiganen eg hadde på meg i dag, eit kjempefint, langt og herleg plagg som eg kjøpte på Urban Outfitters i NY. Og så klart den fine steinskiva som også er kjøpt på AMoNH. Den er ein av tinga som står i bokhylla vår og som er med på å pynte opp stova. Vakre og herlege fargar som lysar opp ein elles grå måndag!

22. mars 2015

Frilaurdag og jobbesundag

Så innmari fint med fri i går, ein laurdag "heilt på ordentleg". Og med vêret som viste seg frå si beste side, kunne det ikkje blitt betre. Me fekk gjort ein del husarbeid, han retta prøver medan eg pussa på leirfigurane (som snart er ferdige), me gjekk ein kjempefin og vårleg tur rundt Vannassen, og til slutt blei det god heimelaga pizza og filmen The Apartement frå 1960. I dag var eg mesteparten av dagen på jobb i Tastahallen, og i morgon er det nok ein skuledag. Ei veke igjen før det er påskeferie. Dette semesteret har til no gått veldig fort; snart er det sommar. Tida er ei rar greie, for i mine auge går den berre fortare og fortare ;) Her er uansett sundagslista for denne veka:

✦ sykle til skulen i fantastisk fint vårvêr
✦ herleg fugl som "syng" på temaet frå denne filmen (slik høyrest songen eigentleg ut; ganske likt, eller kva?), mange finingar frå Edgar's Mission, søte geitekillingar og denne spraglete katten
✦ rart, vemodig og trist, men samstundes fint, å sjå dei to aller siste episodane av Glee som no takkar for seg etter seks sesongar. Serien, som har vore min "guilty pleasure", har gitt meg fine og herlege minne som dette fine frieriet, denne versjonen av ein song frå Rent, denne songen og så mykje anna (kanskje må eg byrje å sjå episodane om igjen til sommaren?!)
danse vals i stova
✦ kjekk liste med fine bilete (sjå på den blå tallerkenen) og to fine innlegg hos Sandra, nemleg dette innlegget og dette
✦ å lese denne saka i Solabladet
✦ sykle heim frå The Sound of Music – in concert ein stjerneklar kveld
✦ ikkje at eg fargelegg så mykje, men det å kunne pusle med noko som ikkje er digitalt, er for meg balsam for sjela
✦ endeleg lese ut den femte boka i Harry Potter-serien, og med det komme i gong med den sjette (og denne lille saka her)
✦ "Hva sier klesstørrelsen om deg?" – om å ikkje la klestorleiken påvirke sjølvbiletet ditt (men eg veit at det ikkje er så enkelt...)
✦ rydde kjøkkenet, for det var nok på tide
eg blir inspirert til å lage ei slik fotobok, og også av dette innlegget hos Hej Regina!

20. mars 2015

I gangen vår

Etter at me fekk ramma inn Cinema Paradiso-plakaten vår, er den lille kroken i gangen vår no komplett. Dei små borda, koppen med det herlege sitatet og telyshaldarane, er kjøpt på Søstrene Grene (telyshaldarane er trekt tilbake på grunn av feil, så me bruker dei ikkje med ekte telys, kun med slike batteridrivne telys som ikkje blir så varme). Dei små pyntesteinane er frå ein butikk i Kr.sand. Når det gjeld plakatane, har me plukka ut nokre fine og stilige plakatar frå filmar e.l. som me begge to liker veldig godt. Wes Anderson er, som tidlegare nemnt, vår favorittregissør, og plakaten frå denne etsy-butikken passar rett inn. Up er også ein favoritt, og plakaten blei tinga herifrå (nærbilete av plakaten kan ein sjå her). I dei to minste rammene, finn ein illustrasjonar frå Harry Potter-universet og frå filmen Once, og bileta er frå denne etsy-butikken. Jepp, eg liker etsy.com :) Cinema Paradiso-plakaten blei kjøpt på amazon.com, og med ein krok som no er fylt med fine filmplakatar, er det blitt eit pent blikkfang med ein gong ein kjem inn i leilegheita.

19. mars 2015

Ein del punkt på planen

Pensumlesing, støvsuging, lesing i ei skjønnlitterær bok eg låner frå biblioteket og anna "småpjus", har stått på planen min i dag. Men det er heilt greitt å ha ein plan med ein del punkt på, for i dag har eg tid. Måndag og tysdag var eg på jobb på kvelden, i går var det The Sound of Music – in concert i konserthuset, noko som var veldig fint og så klart kjekt. I morgon er det jobb på kvelden, og heile sundagen går også med til å jobbe (både i morgon og på sundag er det i Tastahallen). Og eg har vore på skulen. Dimed er det kun i dag og laurdag at eg har "fri", og eg vil prøve å utnytte det fullt ut. Har også fått oppdatert "lenkjesiden" her på bloggen (det var altfor lenge sidan sist), så ta gjerne ein tur innom for å oppdage fine bloggar og andre interessante nettsider.

17. mars 2015

20 fakta på ein tysdag

Julianne, ho som skriv bloggen tusenogenhatt, har utfordra meg til å lage ei liste med tjue fakta om meg sjølv. Tidlegare har eg skrive dette innlegget om mine "kuriositetar", men eg skal nok likevel klare å finne tjue fakta om meg sjølv som er meir eller mindre interessante, morosame eller heilt vanlege. Eg er ikkje så god på å sende slike utfordringar vidare, men eg vil oppfordre de som leser dette til å lage ei slik liste sjølv :) Her kjem mine, meir eller mindre interessante, tjue fakta:

1. Den musikalen eg nok kan aller best, er Jesus Christ Superstar. Mamma har heile musikalen på LP, og det er så vittig at eg liker og høyrer på musikk som mamma høyrde på tidleg på 70-talet

2. Biblioteket i heimkommunen min hadde ein Harry Potter-klubb då bøkene og den fyrste filmen nettopp hadde komme ut. Me kledde oss ut, snakka litt om bøkene og fekk sjå den fyrste filmen på ein førpremiere i Stavanger (stor stas for ein elleveåring). Men det er fyrst no, dei to-tre siste åra, at eg verkeleg er blitt hekta!

3. Songane frå dei fyrste Kaptein Sabeltann-filmane, kan eg enno. Eg høyrer på dei innimellom medan eg syng av full hals.

4. Før eg jobba som korpsinstruktør og badevakt, var eg skrankevakt på biblioteket i Sola. Med kun fem minutt på sykkel, var nok biblioteket min andre heim ei stund (ikkje berre på grunn av jobben, men også fordi eg las veldig mykje gjennom oppveksten)

5. Eg er lettrørt. Punktum. Så sjølv om filmen Up frå 2009 er ein av mine favorittar, slit eg med å sjå den om igjen fordi eg veit at eg kjem til å hikste gjennom heile åpningssekvensen (sjå den her)

6. Eg har dykkerlappen, og den tok eg då eg var på Zanzibar saman med klassen min frå folkehøgskulen

7. Min bror er fødd akkurat to år, to månadar og tjueto dagar etter meg (og nesten to timar)

8. Å ha håret i hale er noko av det verste eg veit. Eg måtte ha det då eg gjekk på jazzballetten, og eg hadde vel ein strikk i håret i gymtimane. Og viss eg får hjelp til å lage ein fin dult eller noko, kan det gå, men elles...nope!

9. Konfirmasjonspengane mine brukte eg på ein Conn 88HO, med andre ord ein trombone. Eg har den enno :)

10. Snøklokker er vårteikn nummer ein, og eg veit ikkje kvifor, men eg synest dei er så himla nydeleg!




11. Dataen min har eg hatt i fem og eit halvt år, mobilen min i fem. Å kjøpe brukt, finne ein ny måte å bruke ting på, fikse noko som er ødelagt eller bruke noko så lenge ein kan, meiner eg me alle kan bli betre på. Bruk-og-kast-mentaliteten er her hos oss noko sånn som "bruk-og-bruk-litt-til" :)

12. Eg har aldri besøkt Sverige

13. Den finaste fargen er kongeblå. På ein god andreplass kjem raud, sånn sterk knallraud.

14. Kaffi er kvardagsglede, men fram til eg var seksten, smakte det pyton. Eg byrja å drikke kaffi på seminarhelg med ungdomsorkesteret, mest fordi eg ville vere litt tøff. Plutseleg var kaffi veldig godt, og eg er nok blitt ei lita "kaffikjerring"

15. Uansett kor varmt det er ute eller inne på soverommet, må eg sove med dyne over heile meg. Okei, ikkje over hovudet, men heilt frå føtene og opp til over skuldrene.

16. Bunaden min er det vakraste eg har, og det at mormor sydde den sjølv til sitt bryllaup for snart seksti år sidan, er noko heilt spesielt.

17. Då eg var yngre, samla eg blant anna på små delfinting, viskelêr og klistremerke.

18. Eg er kresen, veldig kresen, når det kjem til mat. Det har blitt betre med åra, men når det gjeld frukosten, er det ingenting som kan slå blautkokt egg på rista brød.

19. Britisk krim er den aller, aller beste, og eg er veldig svak for seriar som Poirot, Midsomer Murders, Inspector Lewis og Silent Witness for å nemne nokre.

20. Og til slutt: eg har sett alle Wes Anderson sine filmar bortsett frå ein. Dei er så rare, herlege, vittige og underfundige. Sjå dei!

16. mars 2015

Det som pyntar opp heimen

For to veker sidan, kjøpte eg nokre kaktusar, eller noko som liknar, på Kiwi på veg heim frå skulen. Rett og slett eit lite innfall, men med ein baktanke, ein idé, om å ha dei oppe på hylla over TV-en. Og slik blei det. No har dei plutseleg byrja å blome, den gulkvite i går og den oransje no i dag. Kjekt og så himla fint å sjå på, dei pyntar og livar opp heimen vår. Og så prøvde eg meg på å lage ei rose av kaffifilter. Sånn bortsett frå at dei siste "blada" feilaktig blei plassert opp ned, blei den jo litt fin. Oppskrifta eg brukte, kan de finne her. Snart er det av garde til jobb på Gamlingen :)

15. mars 2015

Veldig mykje fint på ein sundag

I går var me ute og farta, i dag har me tatt det med ro her heime. Nok ei fin helg er snart over, men det er jo slik det alltid er. Veka som kjem blir travel med jobb fire dagar, skule og The Sound of Music :) Lånte bil i går slik at me fekk unnagjort ein del ærend, og sjølv om ikkje alle var like viktige, så var det herleg å få dei gjort. Dagen i dag har blitt brukt til å lese, lage saker og ting, drikke litt kaffi og sjå litt på film. Ein sundag etter boka ;) Mange fine gledespunkt denne gongen:

✦ fuglesong og sol då me sykla til skulen måndag
at me var ute på quiz på Cardinalen med ein kompis av oss, noko som var veldig kjekt og i dei fyrste to rundane av tre, gjorde me det ganske så bra ;)
✦ mange fine og søte innlegg på cuteoverload.com: små kattar som er prikklike dei store, herlege piggsvin, desse finingane som et eit eple og dei raraste quokkanaene
✦ endeleg finne ei ramme til Cinema Paradiso-plakaten vår :)
✦ vere i eit kreativt hjørne med både lufttørkande leire og kaffifilter
✦ morosame klipp på NRK sine nettsider: ein ny Sherlock-parodi og "De fem minst MGP-aktige episodene i historien" (her var det mykje rart, ja)
✦ treffe ei veninne på kafé midt i veka
✦ eit veldig kreativt frieri og ei sterk historie om "mirakeljenta"
✦ å få gifteringane i posten, med inskripsjon og det heilte; dei er nydelege!
✦ slappe av med Harry Potter-boka (framleis nummer fem) etter å ha lese pensum
✦ "Folkeskikk? Jatakk!" hos Ina, og eit innlegg om ekstrovert og om høgsensitivitet, eit innlegg eg faktisk kjente meg litt igjen i
✦ gifteringane i posten med inskripsjon og det heile, dei er nydelege!
✦ stilig idé om superheltar og Tore Renberg om papiravisa (les den!) 
✦ kaktus i heimen som blomar og fine krokusar ute på plenen (biletet er redigert med eit filter)
✦ denne fine, denne, desse finingane og ikkje minst denne her
✦ sjå den fyrste filmen i Ringenes Herre-trilogien (fire og eit halvt år sidan sist!), og plutseleg leggje merke til at den eine replikken blei brukt i songen "The Last Goodbye", songen til den siste Hobbiten-filmen, nesten femten år etterpå
✦ gå rundt på loppemarknad, berre kikke og kjenne på stemninga

13. mars 2015

Kveldstur midt i veka


"Nå skinner sola i vinduskarmen, og katta maler som aldri før. Den ligger langfalt og kjenner varmen, og er ei katte med godt humør. Heisann og duliatten dei, for sola og deg og meg." (Alf Prøysen). Dei siste dagane har sola verkeleg skine, og det er så godt å kjenne varmen, nyte lyset, vite at no er det vår! Me var ute ein liten tur i går, sånn rett før solnedgang. Fint lys, artig skilt og rare, men artige, små trampolinar i skogen. Ein heilt vanleg kveldstur ein torsdag i mars.