4. feb. 2015

Te, Harry Potter og nye stoffbitar

Får utdelt ei skuleoppgåve neste veke, så denne veka her prøver å gjere ein god del småting til bryllaupet, kose meg med Harry Potter-bok nr.5 og te, få unnagjort ein del ærend og nyte det fine vintervêret. Slike ting som nok må vike litt når oppgåva kjem. Har to veker på å skrive den, så det skal nok gå heilt fint, men greitt å ha hovudfokus ein plass. Både i går og i dag tok eg sykkelen fatt for å gjere unna nokre punkt på vekeplanen, blant anna kjøpe inn noko stoffbitar hos Stoff & Stil (er det nokon som lurer på kva det skal bli til?!) og vårt vanlege salatkrydder hos Oliviers & CoSøstrene Grene blei også besøkt og det same med Clas Ohlson. Kjekk øving med orkesteret i går, forresten :) Og, vel, sånn går no dagane her hos oss. Ein heilt vanleg onsdag i februar.

Legg igjen ein fin tanke