1. feb. 2015

Smilande appelsinar og andre fine ting

Vakna litt over ti i dag. Det var eigentleg ikkje meininga å sove så lenge, men det gjorde ikkje så mykje. Sundagen vår i dag var ikkje fylt opp med så mange punkt, så det at me hadde ein litt treig start, var jo heilt okei :) Brukte lang tid på frukosten, høyrde på radio og drakk ein ekstra kopp med kaffi. Etterpå tok me på oss ytterjakka, lue, hanskar og solbriller. Ute skein sola, og eg har ikkje noko anna å seie enn at det var heilt fantastisk turvêr! Så då gjekk me oss ein liten tur :) Har fått gjort litt husarbeid, slappa av, laga vekeplan og lest litt i ei bok. Akkurat no ser me den fine Disneyfilmen Lilo & Stitch, nummer 42 i klassikarrekkja. Og så klart ei lita sundagsliste:

✦ å sjå "smilande" appelsinar på butikken ein grå mandags formiddag
✦ sjå denne saka om nokre Harry Potter-fakta og Hogwarts i miniatyr
✦ "Det kjæreste jeg eier" hos Ine og "Books and brew" hos Synne (Et dryss kanel)
✦ gå ordentleg sundagstur i det fantastiske vintervêret; strålande sol, ein katt på vår veg og vaffel på deling på toppen av Ullandhaug (Ullandhaugtårnet)
✦ slappe av med Heartbeat ein kveld midt i veka
✦ fine dyr: quokka, ekorn, ugler og denne skjønne katten og kosebamsen hans
✦ ein viktig tekst om mobbing hos Ingvild, og denne teksten om å akseptere sin eigen kropp
✦ at The Americans er i gong med tredje sesong
✦ setje av tid til å lese saman, i kvar vår bok vel å merke (og då klarte eg "endeleg" å lese ut Harry Potter and the Goblet of Fire) ;)
✦ kveldstur på torsdag, for det var berre nydeleg å kjenne januarlufta rett før leggetid
✦ hengje opp bilete på den eine veggen i gangen vår
✦ her var det mange fin DIY-idéar, og så må eg ta med desse printa og desse (kanskje må me ha eit print av Stavanger?!). Og desse draumeaktige bryllaupskakene.
✦ så utruleg kjekt å lese at ei veninne av meg "skrev seg til drømmeweekend" :)
✦ sjå den artige filmen Anchors Aweigh frå 1945. Gene Kelly og Frank Sinatra. Kult!
✦ finaste coverversjonen av songen "Hero"

Legg igjen ein fin tanke