9. jan. 2015

Togtur og "Billy Elliot"



Akkurat no når dette innlegget blir publisert, sit me på toget i retning Oslo og Ski. Å reise med tog er jo ei oppleving i seg sjølv, og eg trur dette kjem til å bli ei kjempefin og bra helg! Har ikkje blitt så mange bilete denne fyrste heile veka i januar, så difor legg eg heller ved nokre små videosnuttar: den eine er traileren til filmen Billy Elliot frå 2000, den andre eit lite klipp frå musikalen me skal sjå på Folketeateret i morgon. Musikalen er basert på filmen og vil så klart ikkje vere heilt lik. Likevel gleder eg meg som ein liten unge til denne forestillingen. God helg til dykk alle saman!

Legg igjen ein fin tanke