11. jan. 2015

Langhelg på Austlandet med tanteungar og den finaste musikalen

Eg har nesten ikkje ord på kor bra forestillingen i går kveld var. Tårene mine rant jamt og trutt gjennom dei nesten tre timane, og sjølv om ikkje sluttscenen var lik som den i filmen, svarte musikalen til forventningane! Det var lagt ein god del humor også slik at lattermusklane også fekk prøvd seg. Dansescenane var berre fantastiske, og lyden av steppesko er berre heilt herleg! Me har hatt ei kjempefin helg kor me har fått vere mykje med nevøen og niesene våre (og så klart foreldra), noko som har vore litt travelt, men akk så gøy. Å bli kalla "tante Silje" er enno uvant, men veldig kjekt er det jo likevel :) Mange fine lenkjer og andre gledespunkt også denne sundagen:

✦ endeleg sjå Billy Elliot på Folketeateret, ei oppleving som eg kan smile av leeenge
✦ vere med dei fine tanteungane, leike med dei, perle litt og lage snømann ute i nysnøen
✦ fine, søte dyr som geita Chrissie, denne lille snødekte kalven og ein liten rar, men herleg videosnutt
✦ printe ut, klippe, lime og "mekke saman" bryllaupsinvitasjonane
✦ å prøve å kjenne igjen desse filmane og også prøve å sjå Mikke Mus i forskjellige Disney-filmar
✦ øve litt meir på nokre valsetrinn i stova
✦ vakre bryllaupsbilete og ein kjempefin (og ganske rørande) videosnutt
✦ sitje på toget med ein kopp kaffi, bok tre om Harry Potter, berre slappe av
✦ inspirasjon til ein fargerik heim, eit personleg, men samstundes stilreint kontor, kule kvardagsplagg og tips til korleis ein kan gjere IKEA-møblane endå kulare
✦ "miniatyrfilm" av Noreg
✦ fyrste øving med orkesteret etter juleferien
✦ å sjå desse bileta og denne nydeleg filmen frå Central Park; får jo lyst til å dra tilbake sånn no med ein gong
✦ ta ein kaffipause på skulen med eit par av dei frå klassen min
✦ om shoppestopp, le av denne her og tenk å vere med på dette
✦ kortspel på toget med broren min som skulle tilbake til skulen i Porsgrunn

Legg igjen ein fin tanke