2. des. 2014

Luke nr.2

Luke nr.2 i Emily sin julekalender, er "en bild på något gott du ätit i år". Og denne var lett: falaflar! Kven hadde trudd for eit års tid sidan at eg, ei kresen kvinne på tjuefire år, skulle like mosa kikerter med litt ymse i? Eg hadde ikkje trudd det sjølv, men me hadde det seinast på sundag, og det er så himla godt, særskilt med salat, fullkornspita og mager kvitlaukskesam attåt. Er elles i gong med oppgåvekriving (joda, det kjem til å bli nok skriving for ei stund, men: eksamenstid), så får me sjå kor mange av lukene i julekalenderen eg kjem til å vere med på. Enn så lenge er det kjekt å kunne dele nokre små, fine bilete med dykk, bilete som er prega av noko anna enn eksamen ;)

Legg igjen ein fin tanke