1. des. 2014

Luke nr.1

Året byrjar å gå mot slutten, og dette året har vore så bra, så fint og også litt trist. Trist fordi mormor gjekk bort i midten av juni og trist fordi det har vore ein litt tung haust med lite folk å vere med og med det har semesteret på skulen blitt innmari langt på ein keisam måte. Men året har også vore bra med 2.plass i NM med Agder Brass, reise til Reykjavik og New York, kjøp av bustad, planlegging av bryllaup, Vinjerock og så utruleg mykje meir. Emily Dahl køyrer i dag i gong med ein julekalender, ein "minnenas julkalender". Luke nr.1 er "en bild från en dag du aldrig kommer glömma". Eigentleg ganske vanskeleg å plukke ut berre eit bilete i og med at det har skjedd ein god del i år. Men det er ein ting som "poppar" opp i hovudet mitt når eg tenkjer på ein dag eg aldri gløymer, og det er då me fyrste gong var på Broadway! Før me reiste, hadde me tinga billettar til musikalen Once. Men før den musikalen stod på planen, bestemte me oss for å prøve ut Tkts, eit biltettkontor kor ein kan kjøpe billettar til musikalar same dagen til sterkt rabatterte prisar. Då me stod i kø, hadde me to musikalar me ville prøve ut, og me endte til slutt opp med Bullets over Broadway. Og for ei oppleving! Zach Braff i hovudrolla var perfekt, humoren var herleg og det heile var berre så fantastisk! Broadway har vore ein draum for meg lenge, lenge, lenge og endeleg blei den verkeleg. Dette er ein dag (av ganske mange dette året) eg aldri kjem til å gløyme :)

Legg igjen ein fin tanke