5. nov. 2014

I denne augneblink...



...sit eg i sofaen og les pensum til forelesninga i morgon. Prøver å få noko ut av det. Lite som skjer anna enn å jobbe vidare med oppgåva i det emnet, slappe av med litt musikk innimellom, prøve å halde motet oppe. For eg merkar jo at det nærmar seg eksamenstid i tillegg til at det blir mørkare og mørkare ute. Hausten er, om ein ser bort i frå alle dei fine fargane ute, dei som no byrjar å forsvinne, ikkje min favorittårstid. Det er då eg må grave fram fine minne, minne om ein film eller ei reise. Drikke litt kaffi eller ferskente. Kanskje lese ei ny bok, høyre ein ny song eller kanskje ein som går om og om igjen fleire gongar i veka. Slik som "Hero" av Family of The Year som eg høyrde i den finaste filmen Boyhood. For meg gjer slike småting kvardagen noko lysare. Og forresten: her kan de sjå nokre av bileta frå kjærastefotograferinga me hadde tidleg i førre månad :)

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Moder'n på Møre sa...

Så pene og pyntelige dere var (på bildene) :-)
Men jeg er så vant til at guttungen bruker linser at det er helt rart de gangene jeg ser ham med briller. Skal de bildene brukes til noe spesielt?

Silje sa...

Synest jo han er stilig med briller av og til, men på den store dagen blir det nok linser, ja ;) Bileta skal me nok bruke til noko av dekorasjonen, og så får me sjå kva me finn på (dei er ein del av den fotografipakka me har tinga) :)

Legg igjen ein fin tanke