12. okt. 2014

Gardiner og fyrste sundagsmiddag

Fyrste sundagsmiddag er over. Me inviterte mamma og pappa hit på middag slik at vår fyrste sundagsmiddagen her var me gjester. På bordet, saman med middagen, stod det stearinlys og mormorserviset, og me åt med bestikk arva etter mormor. Kjempekoseleg og eg trur mine to foreldre sette pris på å komme til ferdig dekka bord. Mamma hjalp meg, ein god del må eg ærleg innrømme, med å sy gardiner til stova. Sjølve gardinstoffet er frå Stoff & Stil, og når dei er ferdige, blir det rett opp på gardinstanga, noko som kjem til å bli veldig bra. I går var me i byen der me fekk gjort nokre ærend (les: bra kupp), ein svipptur innom Sola for å hente litt meir klede og andre ting, og til slutt blei det heimelaga pizza og actionfilm i sofaen. Før besøket i dag, fekk me rydda på plass så himla mykje, særskilt bøker og andre pyntegjenstandar som me fekk putta i bokhyllene. Eg er veldig nøgd med innsatsen vår ;) Håper de har hatt ei fin helg; her er mi sundagsliste:

✦ koseleg å mimre tilbake til New York-turen vår med god sjokolade frå ein godtebutikk og det å pakke ut Broadwayprogramma (og denne butikken skulle me jo ha vore då me var i Brooklyn)
✦ at me endeleg kunne flytte inn i leilegheita; trur me kjem til å trivast veldig :)
✦ å starte vennegruppe – så modig gjort av ein femtenåring
✦ tur til Trondheim til helga
✦ lese sterke og rørande historier som denne og denne
✦ som vanleg nokre søte kattungar i denne videoen og i denne
✦ fine blogginnlegg, det eine om tur på eit gammalt tog (nesten som å sjå på Poirot) og det andre om "sanntankar"
✦ vente på at Downton Abbey skal komme på skjermen i kveld
✦ smile av denne morsomme pannekakevideoen
✦ eg vil også gjere slik når eg ein dag blir gammal (for eit nydeleg par)
✦ "Slik tok de et friår i naturen" – kanskje ikkje eit heilt år er noko for meg eller oss, men det må jo likevel vere heilt fantastisk å gjere det om enn berre for eit par månadar
✦ kose oss med ein liten Kvikk Lunsj som tok oss rett tilbake til Island (millimál er etter det me kan sjå islandsk)
✦ sjå på bileta frå fotograferinga førre sundag, for sjølv om det var nokre rare i og med at me ikkje er vande med å stå slik foran ein fotograf, var det også veldig mange fine :)

Legg igjen ein fin tanke