4. okt. 2014

Bryllaupskveld og fine glas

På onsdag, sånn etter stengetid, var me på bryllaupskveld hos Kitch'n på Kvadrat. Eg hadde sett ein annonse for bryllaupskvelden på Facebook og tenkte "kvifor ikkje." Melde oss på (han hadde ikkje noko han skulle ha sagt...), og det var ein fin kveld med smaksprøver, skriving av bryllaupsliste, eg traff på kjente og me var med i trekninga av fine premiar. Vann ikkje, men me fekk med oss ei gåve i og med at me laga ei liste hos dei, nemleg fire fine glas frå Holmegaard. Og eit tjukt bryllaupsmagasin. På biletet kan ein også sjå kjøkkengardinene våre og fine sitat som skal hengje på badet. I går var pappa og eg oppe på hytta ein tur for å setje frå oss ein kommode, og eg fekk tatt nokre fine haustbilete som får komme på bloggen seinare. For no, etter å ha måla dei to siste veggane, er det snart på tide med god taco og noko å sjå på skjermen. God helg!

Legg igjen ein fin tanke