23. aug. 2014

"Boyhood"



Å sitje pal foran ein kinoskjerm i godt over to og ein halv time, er ikkje berre berre. Men Boyhood greip meg frå fyrste sekund og eg koste meg gjennom heile filmen. Det å lage ein film som går føre seg over tolv år med dei same skodespelarane er vel omtrent aldri blitt gjort før, men regissør Richard Linklater får det til. I bakhovudet meiner eg å ha høyrt om ein film som skulle strekke seg over ein lengre tidsperiode, men lite visste eg at filmen kom til å få så himla gode meldingar (til dømes seksar hos Filmpolititet). Og eg visste heller ikkje at det var same regissøren som Before-filmane som eg fall for i fjor haust. Boyhood følgjer som sagt dei same skodespelarane i tolv år, og då særskilt frå Mason jr. (Ellar Coltrane) sine auge. Åra går glidande over i kvarandre frå Mason er seks år til han er atten og flyttar ut for å gå på college. Filmen er ikkje spennande eller fylt med ein særskilt handling, men likevel klarer den å fengje. Kanskje er det nettopp det at den følgjer nokre personar, ein heilt gjennomsnittleg familie, gjennom nokre år i tjukt og tynt, som gjer den fengjande. Ein kan relatere seg til filmen nettopp fordi historia ikkje er ektraordinær; det skjer jo ikkje noko spesielt. Men for meg er dette også eit punkt som gjer den engasjerande. Den er underfundig, herleg, rørande og annleis på same tid som sjølve historia er veldig vanleg: ein gut som veks opp i det moderne, amerikanske samfunnet. Ein film eg varmt anbefaler til alle som ein!

Legg igjen ein fin tanke