3. juni 2014

Avslapping i Central Park

Sitje i Central Park og lese ei bok. Sjå på nokre statuar og ekorn. Vandre litt rundt, kjenne sola varme, høyre på mykje fin musikk, ete god lunsj. Lese litt meir ute i sola, berre slappe av. Ta subwayen heim, og vel heime leike litt med katten. Litt shopping neste dag og også ein liten tur i Prospect Park. Det er akkurat slik dei siste dagane her i New York har vore. Me tar det med ro, lagar ikkje så mange planar om gongen. Kanskje skal me lage ei lita "kva-vil-me-eigentleg-gjere"-liste i kveld, men enn så lenge så nyt me ferien utan å stresse rundt. Storbyferie er ganske så fint, særskilt når ein har tid, eller tar seg tid, til å berre lese ei bok innimellom alle "turistgreiene" :)

Legg igjen ein fin tanke