6. apr. 2014

Topp 5 – lydar







Verda er full av ting å oppleve, sanse. Å ta bruk sansane våre, smak, lukt, kjensle, høyrsel og syn, er noko me gjer kvar dag utan å alltid tenkje over det. Men når ein tenkjer etter, er det kanskje noko ein er meir glad i, meir opptatt av, enn andre ting. Kanskje betyr den eine lukta, det eine synet, noko særskilt? Eg har før skrive om mine topp fem lukter, og i dag kjem mine fem favorittlydar:

kaffiboksen vår - å høyre at min betre halvdel opnar kaffiboksen om morgonen, for så å høyre at kaffien blir trakta i maskinen, er ordentleg fint. Å starte dagen med god kaffi og ein god frukost saman med han fine, det gjer heile dagen for meg 

steppesko - så lenge eg kan hugse, har eg vore fascinert av irsk steppedans, slik som Riverdance og Lord of the Dance. Lyden av slike sko som dansarane bruker er for meg ein herleg lyd, så utruleg fascinerande, det går så fort, tenk å kunne steppe 35 slag per sekund

fuglekvitter - og då snakkar eg ikkje om måkeskrik, men om den lyden av småfuglane som syng og kvitrar utanfor vindauget ein tidleg vårmorgon

stilla - den lyden ein høyrer, eller ikkje høyrer, ute i skogen eller kanskje på hytta når du er heilt aleine, den er berre heilt fantastisk

ny bok - tenk at du har sikla på ei spesifikk bok lenge, og så plutseleg har du kjøpt den eller fått den i gåve. Den ligg rett foran deg, eller kanskje i fanget, du tar på den og så opnar du den. Lyden av ei ny bok, den litt knitrande, gode lyden, er for meg lyden av lykke, lesehest som eg er ;)

Legg igjen ein fin tanke