14. apr. 2014

Kvit påske

Vakna til snø ute på marka her i dag. Ikkje min favoritt som eg så mange gongar har nemnt, men det gjer eigentleg ikkje så mykje. Me skal ikkje rekke nokon buss eller sykle nokon stad, snøen er ikkje eit einaste kaos. Og så auka me frå fem personar til ti i går, så her er det fullt køyr. Litt slitsamt, men likevel så utruleg gøy å leike med mine tre tantebarn. Herlege er dei alle tre :)

Legg igjen ein fin tanke