29. mars 2014

For omtrent eit år sidan

I fjor, sånn omtrent på denne tida, hadde eg blitt fridd til av verdas finaste, eg hadde kjøpt meg mitt fyrste speilreflekskamera, eg hadde feira noko av påska hos sviger. Inspirert av dette innlegget, tenkte eg å "reise" tilbake i tid og sjå kvar eg var på denne tida i fjor. Eg hadde som sagt blitt fridd til av verdas finaste, ein tid med mange tankar, for det er ikkje kvar dag at ein sei "ja" på ei så stort spørsmål. Oppi alle tankane, var det i tilleg ein hard, mørk og kald vinter; snøen låg til langt uti mars. Med det var verkeleg ikkje humøret mitt på topp, eg var nok ekstra rask til å ta til tårene og eg trur ikkje eg kan ha vore så enkel å leve med. Etter kvart blei det heldigvis varmare vêr, tanken om bryllaup og ekteskap var plutseleg ikkje like skummel lenger, og humøret blei med det mykje lettare. Og då folk spurde når den store dagen skulle vere, svarte me berre "veit ikkje, men kanskje vår/sommar 2015". Det viste seg å stemme, for bryllaupet er sett til 30.mai 2015 :)

Me feira som sagt noko av påska hos svigers. Fredagen før påska, 22.mars, drog me til Sjøholt og var der fram til skjærtorsdag. Kjekt å vere der ein tur, gjere noko anna enn "berre" å vere på hytta heile påska. Skjærtorsdag tok me fly til Sola der eg kjøpte meg mitt fyrste (eit brukt, men okei) speilreflekskamera. Eg har brukt det så mykje, men eg har nok ein god del igjen å lære. Og så var me ein tur innom hytta også, der biletet er frå, tatt akkurat for eit år sidan, før me til slutt dro heim til Kr.sand. Påska i år blir nok veldig lik.

For eit år sidan drøymde eg om å reise på ein større tur; om to månadar sit me på flyet til Island og etter kvart til New York. For eit år sidan kverna det mange tankar i hovudet, særskilt om giftarmål og framtida. No er eg sikrare. Eg veit ikkje alt, men eg veit at eg vil gifte meg med han, kjøpe leilegheit saman, få oss ein katt, skape fleire minne saman, vere med han. Me er ikkje einige om alt, nokre gongar kranglar me, men me er blitt sikrare på kvarandre. For eit år sidan hadde eg enno ikkje gjort ferdig bachelorgraden min, eg hadde enno ikkje blitt tante. Så mykje kan skje på eit år. Nyt tida, dagane, vekene – dei går så utruleg fort! Eg gleder meg til resten av 2014!

Legg igjen ein fin tanke