2. feb. 2014

Topp 5 – bøker eg las i 2013

2013 var året eg fekk meg lesebrett og det var året eg plutseleg fekk det for meg at eg skulle lese alle Harry Potter-bøkene på engelsk. Eg las også nokre Agatha Christie-bøker i påska og ein del bøker som stod på pensumlista. Innimellom alt dette las eg også andre bøker, både drama, humor, sære bøker, krim, norske, engelske... Ja, i det heile tatt litt diverse. Eg har jo alltid likt å lese, det er noko med å kunne sitje under eit teppe med ei god bok i fanget, kaffi i koppen medan det stormar og ular ute. "I always buy another book when I still have ten to read" (sitat ukjent). Topplista nedanfor vil i dag innehalde gode bøker eg las i fjor, som eg likte, og som eg ikkje har lese før:

Hundreåringen som klatret ut gjennom vinduet og forsvant av Jonas Jonasson - denne har eg nemnt før, men eg kjem ikkje utanom. Alt kva denne hundreåringen har opplevd i løpet av sine år på planeten Tellus er heilt utruleg. Verkeleg ei herleg bok, og det er ikkje så ofte det skjer, men eg lo høgt for meg sjølv då eg las denne

Ildvitnet av Lars Kepler - nerverpirrande og så utruleg spennande krim. Denne boka fekk eg med lesebrettet då det kom i posten, og eg må berre seie at dette er ei av de krimbøkene der eg verkeleg sat og nesten beit av meg neglene! Det er eigentleg bok nr.tre i ein serie der det foreløpig har komme ut fire, men eg synest ikkje det gjorde noko å lese den fyrst, for ein kom fort inn i handlinga og som sagt så var den jo superspennande

Den merkelige hendelsen med hunden den natten av Mark Haddon - dette var vel, om ein ser bort i frå pensumbøkene, den fyrste boka eg las i fjor. Ei annleis bok, både i handling og i måten den er skriven på. Rett og slett ei kjempebra bok!

Den talibanske cricketklubben av Timeri N. Murari - ei bok som delvis er basert på verkeleg hendingar. Ei bok om det å kunne finne glede i eit krigsherja land, det å kunne ha ytringsfridom og så klart kjærleiken. Ei herleg bok som fekk meg til å tenkje på kor heldige me faktisk er her i landet

Parissyndromet av Heidi Furre - nynorsk, drøymande, fine skildringar... Medan eg las denne boka, fekk eg skikkeleg lyst til i reise til Paris (og ja, eg har tidlegare skrive om boka i dette innlegget). Og så skulle eg ønskje at eg kunne mykje meir fransk enn det eg faktisk kan etter å ha hatt fransk på skulen i (heile) fem år :P

Legg igjen ein fin tanke