2. jan. 2014

Vår nyttårsfeiring

For fjerde år på rad feira me nyttårsaftan med den herlege gjengen med musikkfolk. Eg hadde på meg mamma sin fine kjole frå 1979 som me fann på loftet i sommar, og eg kjente meg veldig, veldig fin! Litt vanskeleg å sjå på bileta, men kjolestoffet (ikkje på erma, men på resten va kjolen) er eit svart stoff med mange små, svarte prikkar på. Hadde tapas hos ho eine, og det blei mykje god mat, veldig god sjokolademousse til dessert og me sat lenge ved bordet der me prata, mimra og lo mykje! I ti-tida gjekk me bort til ein kjenning som hadde invitert oss og nokre andre, så til saman var me atten stk. på det meste. Me hadde improvisert cocktailparty med noko for ein kvar smak (både med og utan alkohol), me var ute og såg på fyrverkeriet som blei skote opp, hadde et par stjerneskot og etter midnatt blei det quiz, dansing og mykje moro! Takk til alle saman  – de er herlege!

Legg igjen ein fin tanke