31. des. 2014

Årets siste dag

På årets siste dag deler eg rett og slett nokre fleire bilete med dykk i frå romjula vår på hytta. Eg brukte "mormorgenseren", den raude som er så varm og god. Las ein haug med bøker, tok bilete av juletreet og julepynten. Me åt nokre bitar av ei kransekake og spelte kjekke brettspel. I kveld skal me feire med den same gjengen som dei fire føregåande åra. Trur det kjem til å vere veldig kjekt! Håper de alle saman får ei kjempefin nyttårsfeiring. Og: godt nytt år, alle mine fine lesarar!

30. des. 2014

Dei fyrste juledagane

Lille julaftan var mannfolka i familien ute for å hogge ned eit juletre til oss (nedste del av treet på biletet, så det blei til ved og ikkje med inn i stova som juletre). Broren min og eg pynta det, og sjølv om treet ikkje er det finaste eller største me har hatt, så var det sjarmerande og det funka for oss :) Me åt risgraut med mandel i, og "plutseleg" var det sjølvaste julaftan. Fekk ei fin julestjerne og artig sjokolade i kalenderen. Antrekket i år blei ein knallraud kjole og kvite tøflar; diverre ikkje bunaden. Midt på dagen drakk me kakao med krem, ei snølykt blei bygd og sjølv om me var på hytta, blei det tradisjonell julemiddag. Og til slutt opna med julegåvene, og i år som i fjor, fekk me alle saman noko fint, noko me kanskje trong og noko me hadde ønskt oss. Ein kjempefin start på jula :)

29. des. 2014

Kvit jul!

Heilt fantastisk å vandre rundt hytta, sjå utover vatnet, kjenne sola varme og nyte fjellroa. For med snø og kvitt landskap, kom julestemninga, og det har vore som i songen "Winter Wonderland".

28. des. 2014

Ein sundag seint i desember



Heime igjen etter å ha feira vår fyrste jul på hytta. Kun oss fire. Bilete får komme etter kvart, men me har hatt nokre fantastisk fine dagar med nydeleg, kvitt vinterlandskap, quiz, brettspel, eit sjarmerande juletre, nokre gåver, god mat, stearinlys, julemusikk og bøker. Mange bøker. Eg var på biblioteket dagen før me drog, og der lånte eg fem bøker. Fire av dei er allereie lesne. Det er ei herleg kjensle, det å kjenne ei slik leseglede etter ein tøff eksamenstid. Skuldrene har vore senka og eg trur me trong det alle saman. Det er noko med å vere på hytta, langt til fjells. Over kan ein sjå og høyre Aled Jones med "Walking in the Air" (må berre dele den nok ein gong). Har nokre fine punkt å dele, for det er jo sundag sjølv om eg har vore på hytta og utan nett mesteparten av veka:

✦ å lese ut fire "ikkje-pensumbøker" på berre nokre få dagar
✦ ha veninnegjengen frå videregåande på besøk bittelille julaftan
✦ veldig fin julegåveinnpakning
✦ feire jul på hytta med ordentleg senka skuldre etter ein lang haust
✦ sjå Tre Nøtter til Askepott på julaftan, julespesialen av Downton Abbey andre juledag og ein av dei nyaste episodane av Inspector Lewis i går
✦ eg er ikkje glad i snø, men å ha snø til jul, og då særskilt oppe ved hytta, var rein magi
✦ desse to "skjønningane"
✦ berre to dagar til kjærasten kjem heim
✦ om "den rette" og om denne fine opplevinga i førjulsstria
✦ kose oss med stearinlys og quiz seint, seint på kvelden
✦ le saman med familien medan me spelte "Alias" og "Bezzerwizzer"
✦ kose meg med Harry Potter-universet, både bok og film

24. des. 2014

Merry Christmas!

Årets julekort er frå Top of the Rock, Rockefeller Center, i New York. I bakgrunnen skimtast Empire State Building. Håper alle får ein kjempefin julekveld og nokre fine romjulsdagar!

Luke nr.24

Ikkje det mest spennande biletet, men over halve desember blei brukt til å skrive og kobbe med eksamensoppgåvene, og då har det gått med ein del kaffi. Siste luke i Emily sin bloggjulkalender er "en bild som bäst beskriver din december". Altså: det er ikkje det biletet som best skildrar min desember slik eg har det no, akkurat no, med familien min, juletre og alt det som høyrer jula til, men det er jo eit av dei bileta som best skildrar korleis desember har vore. Men nok om det. No er det jul igjen, med kaffikoppen, og pensumbøkene er bytta ut med krim og Harry Potter :D

23. des. 2014

Liten bit av heimen vår

No byrjar det verkeleg å sjå ut som ein heim her. Inne på gjesterommet (eller fleirbruksrommet, eller kontoret, alt ettersom) har me no fått til den "retro"kroken som eg så lenge såg for meg i tankane. Bordet er arva, duken på bordet er kjøpt brukt. Det same er kommoden og magasinhaldaren. Rammene er kjøpt brukte og den lille løparen på kommoden er arva. Stolen har me fått gratis. Veldig kjekt å sjå at ting fell på plass og at det ikkje lenger er berre rot, esker og målingspann inne på dette rommet. Luke nr.23 er "en bild från ditt hem".

22. des. 2014

Solnedgang langt oppe på fjellet

Å velje "en bild som du tycker är din finaste från i år" er neimen ikkje enkelt. I løpet av året har eg tatt mange bilete, både av vinteren, våren, sommaren og hausten. Eg tok så innmari mange bilete då me var på tur i månadsskiftet mai-juni, og så har eg jo tatt ein del bilete i haust med tanke på vår nye bustad og tur til Trondheim. Som allereie nemnt, så er eg veldig nøgd med dette biletet eg viste tidlegare denne månaden. Men eg har likevel klart å plukke ut eit bilete (sjølv om fargane ikkje kjem så bra fram her på bloggen). Nemleg solnedgangen den siste kvelden vår på Vinjerock. Sola farga vatnet rosa, fjellene var så vakre og alle telta som låg bortover som fine, små fargeklattar.

21. des. 2014

Fjerde sundag i advent

Min betre halvdel er sendt til Sunnmøre. Han skal feire jul der; eg her. Det er fjerde sundag i advent i dag, og no kjenner eg at stemninga er her. Julestemninga. Herleg å ha ferie sjølv om eg var ein liten tur på jobb i går. Gleder meg til i morgon, for då blir det jentekveld med nokre av mine fine veninner. Før ferien tar til for fullt, har eg også denne sundagen ei lita liste med gledespunkt:

✦ vere ferdig med begge eksamenane og endeleg kunne tenkje på noko anna enn oppgåveskriving og munnleg prosjektoppgåve
✦ finfin desemberliste hos Et dryss kanel
✦ sjå ein episode av Midsomer Murders (Mord & Mysterier på norsk), og plutseleg oppdage at han som no speler hovudrolla var med i ein episode ti år før han tok over hovudrolla, og då i ei heilt anna rolle
✦ bake sjokoladestenger med broren min (og litt kjærasten min)
✦ fint å lese sånt som dette og dette
✦ vere ute på restaurant og kino
✦ få fullstendig latterkrampe av å spele "Fantasi"
✦ så utruleg herlege geiter og den nusselegaste katten
✦ setje meg ned med ei bok som ikkje er pensumlitteratur
✦ ein morosam selfie, og gjett om eg gleder meg til julespesialen (me snakkar Downton Abbey om nokon lurer)
✦ berre tre dagar igjen til sjølvaste julaftan
✦ tenk å oppleve dette på Flytoget ein gong
✦ alternativt juletre, fin dekorasjon til julegåver og mindre julestress
✦ at han og eg skal til Oslo i januar for å besøke nevø, nieser og foreldra og i same slengen sjå Billy Elliot på Folketeateret!

Ein finfin gjeng

Nokon eg skal feire jul saman med. "En bild på någon som du skal fira jul tilsammans med". Luke nr.21 i bloggjulkalenderen. Når eg no ser på bileta mine frå i år, ser eg at eg bør bli betre på å ta bilete av folk, og då særskilt den fine familien min. Det er jo ikkje så ofte me er samla alle fire, men no i jula er me det. I år er det berre oss fire som skal feire julaftan saman, og det skal me gjere på hytta. Oppe på fjellet, ved eit lite vatn. Trur det kjem til å bli veldig fint. Dette biletet er frå fyrste nyttårsdag i år, og det er me fire som står bak kvart vårt tal. Min fine familie. Oss fire :)

20. des. 2014

Eit lite eventyr

24.mai i år kjørte me heim til Sola. Heim med ein stor flyttebil. Bak i bilen låg alle tinga våre. Alle tinga som me hadde med oss frå heile fire år i Kr.sand. Foran oss kjørte denne gamle bilen. Om berre tre dagar skulle me ut og reise, reise til to nye land, og om berre nokre månadar skulle me starte på nytt. I ein y by, ny skule og ny jobb. Dette var starten på vårt eventyr. Dette er altså luke nr.20 i bloggjulkalenderen til Emily. Dette er "en bild från ett äventyr du gjort i år".

19. des. 2014

Juledekorasjon her i heimen

Litt julepynt har me no fått i hus. Har til og med ei adventsstjerne i stovevindauget og adventsstake inne på kjøkkenet (ikkje avbilda i dette innlegget), så det blir jul i år også. I og med at han skal heim til sine om to dagar og eg skal feire jul med familien på hytta, så har me ikkje kjøpt eller funne oss eit juletre. Men me har derimot funne nokre greiner, sett dei i eit Noregsglas og hengt på diverse juletrepynt. Blei eigentleg ganske så dekorativt. Julegavene er kjøpt, og snart er det jul.

"Mitt sommarlov..."

"...vad jätteskönt mitt sommarlov ska bli." (Anita Hegerland). Som så mange andre av lukene i Emily sin bloggjulkalender, synest eg det er vanskeleg å velje berre eit bilete. Når dagens luke er "en bild från din semester/sommarlov", måtte eg velje fleire: eit frå Reykjavik, eit frå Central Park midt i New York, eit frå Vinjerock og eit frå Gladmatfestivalen. Årets sommar var varm, me åt is og bada. Eg jobba i seks veker samstundes som eg rakk å treffe mange av mine fine vener. Og saman med både trevekersturen vår og Vinjerock, har eg så mange fine opplevingar å sjå tilbake på med tanke på sommaren som var. Håper neste sommar blir like fin; må berre nyte jula fyrst :)

18. des. 2014

18.desember og juleferie

Mørket har senka seg. Julestemninga kjem sakte, men sikkert inn i denne heimen også. Ikkje sånn med ein gong, for det er jo heilt antiklimaks å plutseleg ha fri, ikkje tenkje på eksamen eller oppgåveskriving, berre vere meg og ikkje "ein flittig student". Kjempekjekt å ha besøk av broren min i går, og alle tre hadde ein fin kveld med god tacosalat, "mekking" av skap og baking av gode sjokoladestenger. Sov lenge i dag, noko som var heilt fantastisk! Var på kafé med ei god veninne midt på dagen, og utpå kvelden feira me (både han der fine, broren min og eg) både overstått eksamen, seksårsdag og juleferie med god middag på restaurant og Hobbiten: Femhærerslaget på kino (måtte jo sitje til og med rulleteksten for å høyre den finaste "The Last Goodbye" med Billy Boyd). Med andre ord har det vore ein fin start på ferien :) I bloggjulkalenderen i dag, luke nr.18 altså, er det "en bild på något fint du fått i år". Denne synest eg var veldig vanskeleg, for det er jo så mykje når ein fyrst byrjar å tenkje over det. Eg har fått leike med tantebarna mine, eg fekk billettar til Les Misérables på bursdagen min, dette fine serviset etter mormor. Tenk alle dei opplevingane me fekk i løpet av vår tre veker lange ferietur til Reykjavik og New York. Alle dei gode artistane på Vinjerock, alle dei fine minna. I mai fekk eg studieplass, og eg har fått fine roser då leilegheita var i boks. Trass i eit litt tungt haustsemester, har det vore eit fint år med mykje som har hendt, mykje fint eg har fått, både av opplevingar og av ting. Eg er rett og slett veldig heldig!

17. des. 2014

Luke nr.17

Endeleg! No kan også eg seie...JULEFERIE! :) Uavhengig av korleis det har gått med dei to eksamensoppgåvene, er det så herleg å vere ferdig, og det skal bli godt å kunne setje meg ned med ei god bok og berre senke skuldrene. I kveld kjem broren min hit på besøk, og me skal bake mormors sjokoladestenger. Ingen jul uten, "og slik er det med den saken". Luke nr.17 i bloggjulkalenderen er "en bild från i höstas som ger dig höstfeeling". Kanskje ikkje det biletet med mest fargar, slik som desse og desse. Men likevel så er dette ordentleg haust med eit blad på bakken, regndråper, og biletet blei tatt på veg til ein loppemarknad, noko som høyrer hausten til.

16. des. 2014

Eit lite "sjølvknips"

Selfie, "sjølvknips" eller sjøvportrett. Ikkje akkurat det eg pleier å bruke kameraet til (verken speilrefleksen eller mobilen), så når dagens luke i bloggjulkalenderen hos Emily er "en selfie/ett självporträtt du tagit i år", blei det eit bilete eg har delt før. Eit bilete frå i sommar som vekkjer gode minne om ein kveld med to gode veninner. Eg hugsar kjensla av å komme heim etter ein kjempekveld både heime hos eine og ute byen, med kyssemerke på kinnet frå forlovaren min og dassvåt i håret etter at det regna frå busstoppet og heim. Ein drukna katt, det var meg, det ;)

15. des. 2014

Latter i kvardagen

 photo IMG_1429_zpslvcgb0to.gif

Latter. Smil. Gledestårer. Altså: det er jo mange som får meg til å le. Vener, kjente, komikarar, familie, filmar. Men når du bur saman med ein spesifikk person, endar det ofte med at ein utviklar ein heilt eigen humor. Eg trur ikkje det er nokon som får meg til å le så høgt som han eg bur saman med. Sjølv om eg kan bli sur på han og me ikkje alltid er like einige om saker og ting, så gjer det ingenting. Me har vår eigen humor, ein humor som ikkje kan forklarast. Å tulle saman med han, å le og få ordentleg latterkrampe saman er noko av det beste. Særskilt i ein elles litt travel og grå kvardag. Luke nr.15 hos Emily er "en bild på en person som får dig att skratta" ☺

14. des. 2014

Tredje sundag i advent

Sånn heilt på tampen. Har sete med eksamensoppgåvene mesteparten av helga. Sjølv om eg kanskje ikkje blir hundre prosent nøgd, så ser eg lyset i enden av tunnelen, og det skal blir så innmari godt. Det har vore ein altfor lang eksamensperiode, så no er det nok. På onsdag er det ferie. Men har heldigvis klart å samle nokre fine punkt til sundagslista mi denne veka også:

✦ sjå den finaste Moonrise Kingdom, ein film me begge to kan sjå om og om igjen. Wes Anderson er berre best!
✦ at eg gjennom dette innlegget hos Silversaga fann ut at Teskjekjerringa på svensk heiter "Teskedgumman"; så utruleg kult namn og ord!
✦ sjå Down with Love med eit herleg plot og til og med referanse til Star Wars
✦ også denne fredagen ta ein god kopp med kaffi på kafé nede i sentrum
✦ le litt av dette videoklippet, og også av denne fine geita
✦ henge opp bilete både i stova og på gjesterommet
✦ "Could we start again, please?" frå Jesus Christ Superstar Beat for beat (måtte sende melding til mamma med ein gong eg høyrde kva song det var)
✦ med dette innlegget får eg så lyst til å reise til Skottland, sånn helst i går
✦ ete god frukost i lag med han fine
✦ "22 Times Jennifer Lawrence Just Did Not Care What Anyone Thought"
✦ fin desembermorgon hos hjartesmil
✦ gode kanelbollar som ei lita feiring av seksårsdagen vår
✦ nydeleg kærleikshistorie og eit innlegg om "one little word" hos Sandra
✦ 40 historiske fotografi
✦ glede meg til å lese den fyrste Harry Potter-boka i juleferien
✦ inspirerande og kjekke historier: denne og denne