3. nov. 2013

Topp 5 – bilete frå Afrika


Fyrst og fremst: me kom på femteplass av femten korps i konkurransen som var i Stavanger i går! Eg trur eg kan seie at me er alle veldig nøgde, og spesielt i og med at det ikkje gjekk så bra i fjor. Einaste er at me ikkje fekk vore med på festen etter konkurransen i går fordi me måtte reise tilbake til Kr.sand med ein gong på grunn av Halloweenkonserten. Men me får ta det igjen til NM neste år! Som dykk sikkert har skjønt av bileta, er mine topp fem i dag bilete frå Afrika. I går kveld kom eg plutseleg på at det er heile fire år sidan eg reiste på tur med den fine klassen min frå folkehøgskulen. Tenk på det! For å gjere det litt enklare å plukke ut fem bilete, skulle det vere bilete eg sjølv tok då eg var der, ikkje bilete som andre tok og som eg fekk etterpå:

mannen med ljå - på veg til Kisumu og Victoriasjøen, møtte me på ordentleg torevêr, og i farten inne i bussen tok eg dette biletet av ein mann som står oppå noko høy og arbeider trass i uvêret

elefantunge - mens me var i Nairobi, hovudstaden i Kenya, var me innom The David Sheldrick Wildlife Trust og der fekk me sjå mange foreldrelause, men fine, elefantungar som blir fostra opp og tatt vare på av mennesker

lita jente på ARO-senteret - i ti dagar budde me på ARO-senteret, eit senter kor dei som bur på landsbygda rundt senteret, kan komme for å treffe andre, bruke internett, få medisinar, skule for foreldrelause barn og andre ting som ein treng litt hjelp med. Her traff eg denne lille jenta; det er et eller anna med blikket hennar og måten ho held rundt mora si på

safari i Masai Mara - her såg me mange fine (og ville) dyr, noko som var kjempespennande. Innimellom då me stoppa for å ete eller berre ta ein liten pause, kom masaiane, eit delvis nomadefolk som bur der ute til vanleg, bort til oss for å selje suvenirar til oss. Biletet ovanfor viser dette veldig godt

Mr. Goat - denne geita ser berre så utruleg "høg-på-pæra" ut, og eg synest det er eit artig bilete

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Moder'n på Møre sa...

Først: Gratulerer med fin plassering på Siddis! Godt gjort - og jeg gjorde som jeg sa, jeg tenkte veldig på dere i fire-halvfemtida :-)

Ellers så var jo den elefantungen søt da, og uttrykket til geita helt ubetalelig!! Jeg har forresten alltid likt geiter - har ønsket meg et par i årevis :-)
Jenta tror jeg helst har dette uttrykket fordi hun er redd for alle "kvitingene" - ikke sikkert at hun har sett så mange rare skapninger før...!

Silje sa...

Me er alle veldig nøgde med plasseringa på Siddis, ja :D Kjempekjekt å komme ein god del høgare på lista enn i fjor ;) Og kanskje har du rett ang. den lille jenta?! :)

Legg igjen ein fin tanke