16. okt. 2013

Trøytt

Å stå opp om morgonen når det framleis er mørkt ute. Å sykle heim frå jobb i mørket når klokka berre er sju om kvelden. Det er grunnen til at eg ikkje er noko særleg glad i hausten; det er mørkt både når eg står opp om morgonen og det er mørkt før eg er ferdig på jobb om kvelden. Og når det regnar, sånn midt på dagen, blir det også mørkt. Sjølv om eg skryter av sola som skin så fint på dei fargerike haustblada, synest eg det ofte blir litt for dystert ute. Dystert ute, kaldt inne. Vinden blæs, regnet piskar, mørket blir større. Med mørket blir eg trøyttare. Med vinden og regnet blir eg kaldare i kroppen. Eit teppe hjelper på kulda, men då freistar det meir å berre leggje seg langt ned i sofaen, sove. Ergo blir eg trøytt av det også. Og når eg på jobb spring fram og tilbake for å ta kopiar av diverse musikknotar, ikkje finn instrumentet eg pleier å bruke, kaos og diskusjonar oppstår, hjelper ikkje akkurat det heller på humøret. No skal ikkje dette bli ein syteblogg, men det er herleg å få det ned på papiret. Eg er ikkje like glad og vaken heile vegen sjølv om eg for to dagar sidan skreiv eit innlegg om ting som gleder meg midt oppi denne mørke årstida. Eg får heller ta å tenne nokre lys, opne ein ny pose med kaffi, setje på fin musikk, krølle meg godt under det rutete teppet. Drøyme meg vekk til eit anna land, varmare dagar, lysare dagar. Eg gleder meg allereie til våren.

Legg igjen ein fin tanke