6. okt. 2013

Topp 5 – sterke livsskildringar





Sjølv om eg for det meste les skjønnlitterære bøker, det me ofte kallar fiksjon, har eg opp gjennom åra også lese bøker om små og store livsskildringar. Nokre om eit helt liv, andre er bøker som skildrar noko som gjekk føre seg over nokre månadar. Likskapane til desse fem bøkene på lista mi i dag, er at dei alle har gitt meg eit inntrykk. Nokre av dei er rørande, tøffe, nokre er meir morosame:

Historien om Helen Keller av Lorena A. Hicock - eg veit ikkje kor gammal eg var då eg las denne boka for fyrste gong, men livshistoria til Helen Keller, ei sterk dame som blei blind og døv etter sjukdom då ho berre var to år gammal, har alltid fascinert meg

Dagfinn Enerly: så fort kan livet snu av Jens O. Simensen og Dagfinn Enerly - ja, livet kan snu veldig fort, noko fotballspelaren Dagfinn Enerly opplevde då han blei alvorleg skada under ein fotballkamp

Jeg velger å leve av Sabine Dardenne - i åtti dagar blei ho, Sabine som berre var tolv år, holdt fanga av ein viss mann i Belgia (dei fleste har nok høyrt om saka), men ho var ei av to som overlevde, og dette er hennar historie om dei åtti dagane i eit mareritt

Idas dans – en mors beretning av Gunnhild Corwin - ei tøff forteljing om ei aktiv, danseglad jente som blir veldig sjuk (les meir her)

Gutt av Roald Dahl - mange, mange gode minne om denne boka som me høyrde på lydbok på biltur då eg var yngre. Her fortel Dahl om sine somrar som barn og fram til han har fylt tjue år (kan også tilråde På egne vinger som då er fortsetjinga)

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Synne sa...

Av disse kjenner jeg bare Gutt, og denne sjangeren har jeg ikke så mye erfaring med - så mange takk for tipsene!

Silje sa...

Som sagt: det er ikkje det eg les mest av, men det er kjekt å lese noko anna innimellom. Og så er det jo historier som er ekte, frå verkelegheita, noko som gjer det meir spennande, endå meir gripande :)

Legg igjen ein fin tanke