2. okt. 2013

To sjølvportrett i eitt

Leiking med kameraet og Photoshop CS5 er litt for kjekt når eg eigentleg bør jobbe med skulearbeid. Men eg har jobba litt i dag altså, berre sånn at de veit det ;) Har til og med støvsugd heile kåken, så noko fornuftig har eg no gjort på ein dag kor det verken er jobb eller undervisning :) Herleg å ha ei veke som er litt rolegare enn den pleier å vere. Blir vel litt meir skulejobbing og pensumlesing i morgon og på fredag, kanskje litt øving på instrumentet (eg burde nok ha vore flinkare på den fronten...), og på laurdag skal me i bursdag til eit venepar av oss. Finfin veke :)

Legg igjen ein fin tanke