25. sep. 2013

I magien si verd

For andre gong er eg hekta, hekta på Harry Potter! Har alltid likt filmane, og då me for to veker sidan såg ferdig den siste filmen etter å ha sett alle filmane på ny, i rekkjefølgje, syntest eg det var på tide å lese bøkene ein gong til. Eg hadde så innmari lyst til å lese dei, for eg hadde ikkje fått nok sjølv etter å ha sett filmane. Har lese dei alle saman før, og vore så hekta at då bok nr.seks eller sju kom ut, kan eg enno hugse at eg kjøpte boka på flyplassen (eg skulle av garde til Florø med eit bittelite fly) og heldt på å miste flyet mitt fordi boka var så spennande. Eg var til og med, i ein periode, med i Harry Potter-klubben som biblioteket på Sola stod for. Det var stor stas då me i klubben var kino, på førpremiere, for å sjå den fyrste filmen då den kom ut. Så sjølv om eg ikkje har lese bøkene mange gongar, og sjølv om eg ikkje er den største fanen, har eg vakse med denne fyren, venene hans, trollmannskulen, heile denne magiverda. Eg hugsar enno at eg var skeptisk då mamma nemnde at ei veninne av meg hadde byrja å lese ei bok om ein gut som plutseleg fann ut at han har magiske evner. Ti-elleve år var eg, og det tok ei stund før eg prøvde å lese den fyrste boka. Men då eg til slutt hadde lese fyrste boka, var det berre å setje i gong med den neste. No, over ti år seinare, er eg igjen i gong med å lese ei og ei bok, i kronologisk rekkjefølgje så klart. Eg koser meg med dei, les litt og litt, samtidig som eg berre vil sluke dei, lese, lese, lese...

Legg igjen ein fin tanke