3. juli 2013

Raude roser og nye sko

Kveldsskiftet er over, og no er det nokre dagar fri før neste skift byrjar på måndag. Det er grått og trist vêr her i dag, så her blir det nok film og kanskje litt boklesing under eit teppe resten av dagen. Då eg kom heim frå jobb på laurdag, stod dette på bordet til meg, nemleg eit kort frå svigers som hadde vore i Italia og mine nye sko som eg hadde bestilt på nettet (biletet i midten er frå butikken, og eg hadde eigentleg ikkje lyst til å gå frå dei. Så sidan dei ikkje hadde storleiken min, bestilte eg dei på nettet; den høgre er litt for stor til foten min, men det fiksar eg med ein sole). Min kjære hadde henta dei på posten og samstundes hadde han kjøpt fine, raude roser :) Han veit kva eg liker ;) Sendte han av garde til Sjøholt for to dagar sidan, så det er litt rart og stille her. Altså: dei tre andre er jo her, så heilt stille er det jo ikkje. Men det er jo godt å sakne kvarandre også :)

Legg igjen ein fin tanke