15. juli 2013

Inne i hytta








Vel, det fyrste biletet er ikkje frå hytta; me hadde quizkonkurranse då me venta på ferja fredagskveld. Ingen hyttetur uten quiz, anten det er i bilen, inne i hytta eller ute på terrassen. Og sånn elles: rar fisk i vindauget, te og avis, kaffi og bok, beundring av teppet og puta som eg har laga (jepp, litt sjølvskryt), utjamning av pipa og til slutt kom flygelhornet opp på veggen, rett ved sidan av tubaen. Takk til min fine familie for ein kjempefin hyttetur, eg storkoste meg :)

Legg igjen ein fin tanke