1. juli 2013

Eit heilt halvt år...

...er gått sidan han fridde og eg svarte "ja". Allereie eit halvt år med ring på fing. Det skjedde på veg heim frå ho veninna mi som me feira nyttårsaftan hos. Midt på natta fyrste nyttårsdag seier han at han har noko til meg. Han fomlar med noko nedi lomma og så tar han opp ei lita eske. Eg skjønner kva det er, og alle dei kjenslene som dukkar opp, går det ikkje an å beskrive. Slik var det. Resten av heimturen gjekk me hand i hand, eg lo litt, mista nesten pusten; alt var berre så rart og utruleg fint på ein gong. Me valde å halde det hemmeleg den fyrste månaden slik at berre me to kunne få kjenne på det sjølv. Det er jo eit stort skritt å ta, og for vår del var det veldig fint å berre vere to om det sånn i byrjinga. Men då me sa det høgt, blei det endå finare! Ingen dato er satt, men våren 2015 er ein god kandidat. Eg er så glad for at det er oss to, at me har valt kvarandre 

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Moder'n på Møre sa...

:-):-)
Takk for at jeg får "låne" kjæresten din litt! Her må han nå gjøre tjeneste som kokk, da moder'n er noe skral for tida. Flink på kjøkkenet, vet du....:-)
Så håper jeg at du koser deg i bassenget om dagene, til tross for en noe begredelig temperatur de fleste dager!

Silje sa...

Ja, eg veit han er flink på kjøkkenet ;) Har hatt ein strålande fin dag i dag ved bassenget med mykje sol, så eg håper på fleire slike dagar :) Og takk for det fine kortet forresten :D

Legg igjen ein fin tanke