19. mai 2013

Topp 5 – bøker eg har lese meir enn ein gong

Vekas topp fem er, som tittelen seier, bøker som eg har lese meir enn ein gong. Då eg skulle plukke ut kandidatar til lista, oppdaga eg at mange av bøkene som eg faktisk har lese meir enn ein gong, er bøker som eg las fyrste gong då eg var mellom ti-tolv år, kanskje tretten. Eg veit ikkje, kanskje fenga bøker meg på ein annan måte då enn no. Ikkje for det, lettrørt som eg er, er det mange bøker eg har lese i dei seinare åra som har fått meg til å grine eller le, bøker som enno sit i hugsen. Men likevel. Kanskje er det noko med kjensla av å oppdage ei bok når ein er i tenåra, å berre setje seg ned og gå inn i ei eiga verd, gløyme alt det som er rundt ein. For min del har eg i alle fall det siste året slukt så mange bøker i studiet mitt at eg ei stund ikkje såg gleda i å lese. Heldigvis har det endra seg, og etter at eg i tillegg fekk gavekort på digitalbok.no til bursdagen min, har eg mange bøker på lesebrettet mitt som ventar på meg. Nokre av bøkene som ikkje kom med på lista denne gongen, var Frøken Detektiv-romanen Mysteriet med de 99 trinn (eg aner ikkje kor mange gongar eg har lese denne boka) og omtrent alle bøkene til Anne-Cath. Vestly og Agatha Christie. Dei får kanskje ei eiga liste ein annan gong... Den endelege lista kan de sjå nedanfor:

Den hemmelighetsfulle hagen av Frances Hodgson Burnett - det var mormor som fyrste gong tipsa meg om denne boka, ei bok om ei sta jente, ein like sta gut og ein hemmeleg hage

Greven av Monte Cristo av Alexandre Dumas d.e. - eg har sett to filmatiseringar, ein TV-serie og eg har lese boka, både den i tre bind og den forkorta utgåva, mange, mange gongar; ei historie eg ikkje går lei av

Kabalmysteriet av Jostein Gaarder - lenge sidan sist gong eg las denne, men eg hugsar enno kjensla av å bli slukt inn i boka, inn i ei verd av kveitebollar, biltur til Hellas og rare hendingar

Tordivelen flyr i skumringen av Maria Gripe - det same som den ovanfor: ei bok med mystikk og spenning som verkeleg grip deg (eg har lese boka, høyrd den som lydbok og som høyrespel)

Historien om Helen Keller av Lorena A. Hickock - i ein periode lånte eg mange bøker i "Historien om"-serien frå biblioteket, og historia om Helen Keller var, og er, min absolutte favoritt (noko av grunnen til at denne boka fenga sånn, er det faktum at eg veit at historia er sann)

Legg igjen ein fin tanke