9. mai 2013

Til Florø

Etter mykje om og men, skal me no snart av garde til Kristiansand lufthavn, Kjevik. Me skal til Florø i konfirmasjonen til fetteren min. For det fyrste var eg veldig usikker på om me i det heile tatt skulle reise, for på måndag har eg jo eksamen. Men me bestilte til slutt flybillettar med eit fly som skulle bringe oss heilt fram til Florø. Vel. Den gong ei, for i går vakna me til Widerøe-streik, og det er berre Widerøe som flyr heilt fram. Dimed blei det ringing til SAS for å få refundert beløpet, og så måtte me bestille nye billettar hos Norwegian. For eit styr! Det er ikkje berre berre å bestille nye sånn i siste liten. Men til Florø skal me sjølv om me må ta ei overnatting i Bergen i natt og buss opp til Florø i morgon tidleg. Har fått lese litt på eksamensstoffet både i går og i dag i tillegg til at eg i går sat lenge og prata med ei i klassen om pensumet. Veldig greitt å snakke om det også, ikkje berre lese på det. Så får me sjå korleis det går på måndag. No skal eg i alle fall prøve å kose meg i helga. Kanskje legg eg ut nokre bilete også før eg kjem heim på sundag :)

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Moder'n på Møre sa...

Kos dere i Florø! Blir en litt kronglete reise til "en plass utafor allfarvei" dette, men kommer dere først til Bergen så finner dere nok fram :-)
Hils til lisjguten t a mor, og si velkommen heim - skjønt visitten blir kort denne gang.

Ehh.. den bagen på bildet ser kjent ut - har visst brukt å stå i bua på loftet her :-)

Silje sa...

Sit no på bussen frå Bergen på veg til Førde og så vidare til Florø. Så sjølv om vegen blei litt meir "kronglete" enn planlagd, kjem me oss i alle fall fram. Skal helse så mykje tilbake :) Og ja, bagen på biletet bør vere kjend ;)

Pantertante sa...

Veldig veldig sporty, tøft, rått, utholdende, snilt, raust og modig (hehe) av dere å snu om på alt og klare og komme til oss likevel :)

Silje sa...

Ha, ha! :D Eg hadde jo så innmari lyst, og dette var nemleg eit av dei få lyspunkta midt i ein lang eksamensperiode. Så sjølv om det blei ein litt meir "kronglete" tur, angrar eg ikkje. Kjempekjekt å sjå dykk alle igjen :)

Legg igjen ein fin tanke