29. nov. 2012

Herleg, heimestrikka hals

Lesinga til neste (og siste) eksamen er i gong for fullt. Både i går og i dag, rett etter frukosten, har det vore fram med bøkene, på med musikk og så klart litt kaffe i koppen. Merker at det er mykje pensum som skal på plass, bli forstått, i hovudet mitt, og det er verkeleg ikkje berre berre. Nokre ting set seg, andre går inn det eine øyre og ut det andre. Men eg har jo lese jamt og trutt gjennom heile semesteret, så heldigvis er det ein god del som eg faktisk hugsar og som eg skjønnar. Innimellom alle togturane, eksamenslesing og korps, har eg strikka ein hals til meg sjølv. Og som de ser på biletet, er eg veldig fornøgd (trass i eit trøytt og forkjøla tryne). Fekk inspirasjon herifrå, men sidan eg ikkje brukte det same garnet eller same storleik på strikkepinnane, måtte oppskriften justerast litt. Men som sagt så blei eg veldig fornøgd! Kjekt å bruke noko som ein har laga sjølv, akkurat som med lua eg laga i fjor haust. I tillegg så har eg jo den nye og fine genseren som mamma strikka til meg (og eg har endå meir heimestrikka i klesskapet som nok blir med meg heim til Sola i jula).

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Anonym sa...

Den ble jo kjempefin Silje :) Og ull og tjukke gensre inklusive halsen din bør du nok ta med deg te jul ja. Kaldt på hyttå vett du.. Huske vel ifjor ?
Litt øve ei uka te me møtes i Egersund nå. Det skal bli kjekt :)

Silje sa...

Tusen takk! Ja, eg hugsar korleis det var på hytta i fjor, så eg tar nok med meg ein god del tjukke klede når eg reiser heim til Sola ;) Eg óg gleder meg til Egersund!

Legg igjen ein fin tanke