26. sep. 2012

Silhuett

Eg veit at eg lova dykk nye og ferske bilete i samanheng med trettidagarsutfordringa som eg held på med. Men når dagens motiv er "silhuett", berre må eg vise dykk eit bilete som eg synest viser motivet, altså silhuetten, ganske bra. Biletet (som de altså ser ovanfor teksten) er tatt i ein minibuss på ein skranglete veg i Kenya. Det blei tatt for nærare tre år sidan då eg var i aust-Afrika saman med klassen min frå folkehøgskulen. Eg har så mange minne frå den turen, og kvelden då dette biletet blei tatt, er ein av desse. Me var på veg til Kisumu, ein havneby rett ved Victoriasjøen, og på vegen til hotellet blei me møtt av eit ordentleg uvêr og eg måtte fram med kameraet for å ta bilete av dette uvêret. Ikkje like lett å ta bilete i fart og spesielt ikkje når vegane ikkje er av norsk standard. Men eg var heldig og fekk eit ordentleg blinkskot. Og så må eg berre fortelje at då me kom til hotellet og hadde fått tildelt rom, sto me ute på balkongen og såg på uvêret. Lyset frå lynet var så sterkt og det same var lyden frå tordenet. Alt dette opplevde me med utsikt over Victoriasjøen. Det, både uvêret og heile turen, er ei oppleving eg aldri ville vore forutan!

Legg igjen ein fin tanke