21. aug. 2012

Skulepensum og studiestart

Skuleåret er i gong og eg gleder meg til å ta fatt på skulearbeidet. I år skal eg ta emne innanfor nordisk språk og litteratur fordi siste året vårt på kommunikasjon bachelor ved UiA er ei breddeeining. Det vil seie at me kan velje mellom dei forskjellige årsstudiane dei har her eller andre enkeltemne så lenge det utfyller studieramma. Dermed blir det nok mykje skjønnlitterær lesing på meg i haust, alt i frå Ibsen til Tunström og Nilssen, både norsk og svensk. Og sikkert litt dansk og etter kvart. Var bortom skulen i går for å sjå på åpninga av skuleåret og eg var også på oppropet for den nye klassen min. Tok det elles med ro, åt middag og utpå kvelden var det korpsøving med Agder brass. Kjempekjekt å endeleg komme i gong igjen, men eg merka at det var to månadar sidan sist eg spelte på instrumentet mitt ;) I dag har eg vært nede i sentrum ein tur der eg hadde nokre ærend og så var eg på kafé med ei veninne. Veldig hyggeleg! No har eg nettopp vore på jobb og i morgon byrjar skulen for fullt med fyrste forelesning for dette skuleåret. Håpar det blir kjekt, interessant og utfordrande.

Legg igjen ein fin tanke