18. juli 2012

Raude markjordbær

Endeleg! No som sola skin igjen etter nokre dagar med mykje regn, har eg fri og kan faktisk nyte sommarvêret! Eg blir så mykje lettare til sinns når det er lyst og fint ute enn når gråvêret er på besøk. Blir også kjekkare på jobb, for med finvêret kjem det fleire folk. Og med fleire folk blir det også litt meir å gjere og hengje fingrane i. Og då går også tida litt fortare ;) Då eg kom heim frå jobben i dag, tok eg meg ein sykkeltur i sola. Neste veke må eg nemleg sykle til jobben fordi bussen ikkje går så tidleg (skal vere der kvart på seks om morgonen) og då er det greit å ha prøvd ut sykkelen i og med at det ikkje er min eigen sykkel. Kjempegod sykkel, så sjølv om det er over ein mil til jobb, skal eg klare det. Om ikkje anna så kjem eg til å vakne i alle fall, ein blir jo så svevnig (søvnig altså) på bussen tidleg om morgonen.... Var ute i hagen ein tur no i dag og der veks det markjordbær i fleng. Sjølv om eg ikkke er så glad i markjordbær, eller jordbær generelt, så er de jo eit symbol på sjølve sommaren. Eg veit at det kjem til å komme fleire dagar med grått vêr, men akkurat no har eg fri og då er livet herleg!

Legg igjen ein fin tanke