23. feb. 2018

Til fjells

Gode og tjukke ullgenserar, bøker, spel og quiz. No er me på hytta. Utan internett, så dette blogginnlegget er publisert på førehand. Me skal slappe av, senke skuldrene og vere saman med fine folk. Eg trur det blir bra. Ei helg på hytta er alltid ei glede. Det er noko eige med roa på hytta.

21. feb. 2018

Åtte herlege bøker i ein og same serie

Tidleg i fjor las eg Anne fra Bjørkely for fyrste gong. Eg veit det er ei barnebok, men eg storkoste meg likevel med alle detaljane, frå den dagen Anne kom til Bjørkely og livet til Marilla og Matthew blei snudd på hovudet. Som nemnt i dette blogginnlegget, las eg også boka på engelsk før året var omme. Sidan eg jobbar på eit bibliotek, har eg jo veldig lett tilgang til bøker og det er sjeldan eg kjøper nye bøker. Men eg bestemte meg etter kvart for å lese alle bøkene i serien om Anne Shirley og dei har dei ikkje overalt på biblioteka. Så eg kjøpte alle dei åtte bøkene på engelsk via Book Depository, seks frå Simon & Schuster som ein del av klassikarserien frå Aladdin og dei to siste frå Arcturus Publishing. Gleder meg til å lese ei og ei, følgje Anne frå barn til ungdom til vaksen.

 



Alle bøkene har dei vakraste forsidene i fine fargar. Omslaga på bøkene i Aladdin-serien er utforma av kunstnaren Julene Harrison (for nokre fantastiske små kunstverk utskore av papir) Anne of Windy Poplars og Anne of Ingleside er utforma av Geraldine Sy. Vanskeleg å finne alle åtte samla i ein serie med slike forsider som desse, men sjølv om det er frå to ulike forlag, synest eg dei passar flott saman. Den fiktive plassen Green Gables ligg ute på Prince Edward Island der også forfattaren Lucy Maud Montgomery blei fødd. Øya ligg berre ein liten køyretur unna Moncton, så eg må vel innrømme at det er ein annan grunn til at eg no har bestemt meg for å lese all bøkene ;) For gjett om eg skal besøke øya og ta ein tur innom museet, sjå denne musikalen og berre oppleve PEI!

19. feb. 2018

Vaulenturen

På laurdag var det endeleg såpass bra vêr at det gjekk an å gå ein lengre tur. Det har jo vore veldig av og på med snø og regn, men laurdag var sola framme. Kaldt var det, men med ull, hanskar, lue og ei god turjakke var det ikkje eit problem. Me sykla bort til Sørmarka der sjølve turen starta. Denne gongen hadde me bestemt oss for å gå kvardagstur nr. 28, nemleg Vaulenturen. Å gå forbi ein lyktestolpe som denne gjer meg alltid litt ekstra glad, for i mine auge er det så Narnia-aktig.


Veit ikkje om eg nokon gong har vore ute ved Vaulen badeplass, men ruta tok oss med dit og der trur eg nok me kjem til å gå ein gong det er sol og sommar. Eller eit hakk varmare. Flott område med fleire sitjeplassar, leikeapparat ute i sjøen, sand og grasplen. Det var for kaldt til å sitje lenge, men litt kaffi og mat tok me oss tid til (og den kaffien fekk i alle fall meg til å smile stort).


Jærbanen såg me også langs ruta. Tar ikkje den så ofte, men for de som kjenner meg, veit de jo at eg alltid set pris på ein togtur, anten det er til Oslo eller mellom Berlin og Praha. Flotte hus og hagar mot ein blå himmel er alltid noko å fange på film. Før me traska tilbake til Sørmarka, var me ein snartur innom Hindalsdammen. Ikkje så stort, men fint der likevel. Kom oss til slutt til syklane og sykla heim til litt husarbeid, bok, franskøving og film. Slike turar er rett og slett gull!

18. feb. 2018

God bok, spennande bok, litt snø og nokre koppar kaffi

Endå ei veke er snart slutt og her i byen har det vore vinterferie. Ikkje at verken han eller eg har hatt ferie, men på min jobb har me fleire arrangement i vinter- og haustferien, så eg har merka det på den måten. Kodeklubb, trylleshow, mykje å rydde og mykje å gjere, både på Madla og i byen. Kjekt! I løpet av veka har eg prioritert å lese om kveldane i tillegg til å fortsetje å mekke saman eit lite bryllaupsalbum. Joda, eg veit, det byrjar å nærme seg tre år sidan, men som tidlegare nemnt: ting tar tid. Helga har vore akkurat passe roleg med lang og herleg gåtur, lesing, franskøving, gammal komedie med Humphrey Bogart i spissen og me fekk spelt "Scrabble". Måndagen er her om berre nokre timar, men eg er klar. Og aller fyrst kjem sundagslista rett under her:

✦ kaffi på lur ute på tur saman med den finaste; me gjekk nemleg Vaulenturen saman i går
✦ beste Emma har skrive eit supert og ærleg blogginnlegg om kroppen – eit stort heiarop
✦ buss til jobb, for plutseleg var verda kvit igjen
✦ snøen som låg som eit kvitt teppe på dei grøne buskane
✦ få eit fint Valentinskort (ja, eg blei rørt) og ete god middag etter seinvakta på jobb
✦ "Top 10 Greatest Winter Olympic Athletes of All Time" – med heile fire norske utøvarar
✦ ha med meg litt kaffi på veg til jobb i min vakre termokopp
✦ sjå ein episode av Heartbeat, særskilt fordi det var lenge sidan sist
✦ det går ikkje an å bli lei små, søte kattar som desse og desse (eg smiler i alle fall stort)
✦ ei glede å lese bøkene til Patrick Modiano, denne gongen Ungdomstid
✦ alltid noko å oppdage på veggane i sentrum: lille Woodstock frå Peanuts (eller Knøttene)
✦ måtte le litt av denne: åtte rare, norske ord som ikkje gir meining for andre enn nordmenn
✦ årets snakkis, Kvinnen i vinduet, var rett og slett superspennande og vanskeleg å leggje frå seg
✦ ny kafé på senteret på jobb då Espresso House opna på torsdag
✦ høyre songen "Kamilla og Sebastian" frå Kamilla og tyven på radioen ein dag
✦ solstrålar inn i stova vår, så godt med meir og meir dagslys
✦ spele "Scrabble" og ete ein liten sjokolade

16. feb. 2018

Når dagane blir lysare

Å komme heim frå jobb medan det framleis er lyst ute – det er ei herleg kjensle. Og når det attpåtil er fredag, kan ikkje denne ettermiddagen bli stort betre! Kom heim kvart på fire, og solstrålane titta inn i stova vår. Bort på det eine bryllaupsbilete og bort mot spisestuebordet der det finaste kruset stod. Ingen planar denne helga, men eg reknar med at det blir ein god del lesing, noko franskøving og kanskje ut på ein liten tur (for det er meldt opphald). Lag deg ei flott helg!

14. feb. 2018

Ein liten dose kjærleik

Valentinsdagen er her. Me pleier ikkje å feire den noko særskilt, men me har no av og til gitt kvarandre eit søtt kort og ein liten sjokolade. Eller noko i den dur. I kveld blir det ikkje kveiteboller slik me hadde på sundag(og som det altså er bilete av rett over), men ein god middag og noko kjekt å sjå på skjermen blir det. Ein heilt grei onsdagskveld etter seinvakta på jobb.

12. feb. 2018

Og plutselig var verda kvit igjen

Altså, det vêret her i byen for tida. Bar bakke, klar himmel og sol den eine dagen, grå skyer og regn den neste. Og i dag vakna me opp til snø, både på bakken og i lufta. Planen var å sykle, men den tanken slo eg raskt frå meg. Dei kvite små flaka dalte ned og la seg så fint på på bakken, på tre, på eit gjerde. Travel dag på jobb med å gjere resten klart til boksal, få alle dei reserverte bøkene ut på hylla og kodeklubb (for no er det vinterferie, og då har me fleire arrangement enn det me pleier). I tillegg hadde eg ei vakt nede i byen, så det gjekk slag i slag. Og det var måndagen min i korte trekk.