17. mars 2024

Sånn midtvegs i årets tredje månad




Sundagskveld, og eg skriv litt om veka mi. Slik eg ofte gjer. Me er midtvegs i mars, dagane blir lengre og det blir meir og meir vår ute for kvar dag. Joda, eg fekk med meg all snøen som kom på Austlandet i går; eg krysser fingrane for at det ikkje kjem noko meir kvitt frå himmelen her i området. Å sykle til jobb er så herleg (sjølv om eg den eine kvelden kom heim med regntøy som var dryppande vått), eg ser snøklokkene når eg syklar via Mosvatnet. Supergøy å prate om gode bøker med eit par av kundane som kjem innom, for når ein ser at dei kjøper bøker eg sjølv har lese og likt, då veit ein at ein har noko å prate om medan eg ordnar betalinga. Kinobesøk har det også blitt, ein roleg laurdag og ein minisundagstur i dag trass litt kald vind. Ferdig her for i dag:
 
kose meg med å lese Mysteriet på Monte Carlo-ekspressen, denne månadens Christie-bok
laurdagspizza og ein QI-episode
Brandon Campbell sine illustrasjonar (og ikkje minst fargebruken) er superkul 
å, ikkje berre snøklokker ute no, men også lilla krokus
blå himmel og gåsungar på treet
storslått musikk og spektakulær kinematografi: det var stas å sjå Dune: Part Two på kino 
berre høyr her: låtene "Beginnings Are Such Delicate Times" og "The Emperor" frå filmen
ete ein god kyllingburgar før me stakk på kino
ny sesong av Beat for beat, og gøy Løvenes konge og D.D.E-songen "Det umulige e mulig"
liten, nusseleg pus som blir plukka opp av ein syklist og får ein heim
lese eit par sider i ei bra bok medan kinoreklamen rulla og gjekk
forfattaren prøver kanskje litt mykje, men Mord på museet var no likevel morosam krimkomedie
"Top 10 Band with the Best Harmonies" – m.a. The Carpenters, Simon and Garfunkel og Queen
sundagstur rundt Stokkalandsvatnet, og måtte jo gå litt på togskjenene (nedlagde Ålgårdbanen)
stikke innom Sunde gårdsutsalg i går, dei har så mykje godt!
Lars Saabye Christensen skriv godt, og hans nye bok Herr Knapps uforrettede saker var artig
Helen Ahpornsiri sin kunst med tørka blomar, altså, det er berre så utruleg vakkert!
lesestunder kvar dag, uansett om det var fem minutt eller tre timar
sjå den nestsiste episoden av Endeavour, vil eigentleg ikkje at serien skal ta slutt
høyre Miranda og Donna i The Comfort Book Club prate om finaste 84, Charing Cross Road
flotte bøker i hylla på jobb
heimelaga latte og den røffe og nydelege boka Fjellene synger

14. mars 2024

Opp til Vedafjellet






Etter ein avslappa laurdagskveld med familien, berre måtte me ut og gå på sundagen, kan jo ikkje anna når sola skin slik den berre gjer om våren. Og alltid godt å bevege kroppen. Målet var å gå opp til Vedafjell i nabokommunen Sandnes. Litt klyving opp fjellsidene blei det, og noko sur vind der det var veldig ope, men det gjer lite og ingenting i godt selskap, blå himmel og dufta av vår.




Fyrst bar det opp på ein topp før me vandra inn i ein skog for å komme oss vidare opp til Vedafjellet. Sola laga skuggespel, det var godt å berre gå, og vel oppe var stod me ei lita stund og naut utsikta. Men berre ei lita stund, for det blåste såpass at hendene og andletet fort blei kaldt.




Sat litt ved varden, skreiv namna våre i turboka og tok eit sjølvknips før me byrja på turen ned. Smilte godt av inskripsjonen på den eine trappa som me måtte over, og på veg ned, ikkje så langt unna sjølve toppen, måtte me ha ein liten pause. Mat, kaffi og eit par sjokoladebitar, akkurat slik det skal vere på tur. Viktig med ein god rast, litt påfyll til turen ned att, og så var det heim.

12. mars 2024

Hipp, hipp hurra x2!






Seinvakt på jobb i går, fri i dag. Eg har fått gjort fleire småting i heimen i tillegg til å berre slappe av med eit par av dei kjekke bøkene eg held på meg (bøker i fleirtal, for som vanleg er eg i gong med fleire samtidig, høyrest det kjent ut?!). Laurdagskveld var me på Sola der me som nemnt feira både pappas  og tantes bursdag. Taco i forskjellige variantar, alle fann noko me likte. Roser og snøklokker i skjønn harmoni, me smakte på både marsipankaka og sjokoladekaka, og når ein er åtte personar, er det ekstra gøy å spele "Ryktet går". Det blir så mykje lått og løye når ein skal teikne eit gitt motiv på tid og prøve å gjette kva den førre personen har teikna. Me prøvde også spelet "Kan du refrenget?", og det er faktisk vanskelegare enn ein trur; melodien hugsar ein godt, men teksten er det litt verre med. Artig lell, høgt under taket, ein laurdagskveld i veldig godt lag!

10. mars 2024

Vinter og vår om kvarandre




Bittelitt snø på onsdag, temperatur under null og rim på ruta. Vårvinter, den der tida mellom vinteren og våren. Heldigvis har sola stått høgt på himmelen fleire av dagane, og det blir meir og meir vår for kvar lille time. På jobb har me fått ut mange nye bøker på hylla (eller, hyllene, det er jo ikkje slik at me berre har ei hylle i ein bokhandel, tihi), kjekt å utforske kva som kjem av nyheiter frå så mange forskjellige forfattarar. Godt å sykle når sola har varma i andletet, eg har lese ein god del kvar ettermiddag og kveld, pusle litt vidare med fotoboka og i går feira me både pappas bursdag – han hadde dag i går – og tante sin bursdag som er i morgon. Ein superkoseleg kveld! Kom oss ut på ein heilt herleg sundagstur i dag i nabokommunen, sjølv med litt klyving var det veldig godt å bevege på kroppen. Sidan det er sundag, kjem det no ein haug med ting og tang frå mi veke, den tiande i år:
 
å vere tilbake til Lake District i James Rebanks si bok Livet på landet om landbrukstradisjonar
solnedgangen på veg til Sola i går, sett gjennom bilvindauget
tihi, to bursdagar = to bursdagskaker 
liten bever som har fått hjelp, er så søt når den skal halde bassenget pent og ryddig
gå tur opp til Vedafjellet i dag med sol og bra turfølgje 
las om "ghyll scrambling" i ein roman, og det høyrest ut som ei kul, tøff og annleis naturoppleving
bursdagstaco heime på Sola i går, der var det verkeleg noko for ein kvar smak! 
og gøy å spele både "Kan du refrenget?" og "Ryktet går"
songen om Jack Sparrow med Michael Bolton i spissen er framleis veldig morosam
Gwendolyn Brooks sin roman frå 1953, Maud Martha, er liksom så kvardagsleg på ein finfin måte
lilla krokus, som saman med snøklokker er eit sikkert vårteikn
rørande å sjå litt på sesong to av Demenskoret
Mirandas nyaste bøker, fleire av dei kjøpt brukte
å, dei vakre snøklokkene; uansett kor eg ser dei, blir eg så glad, så glad
oppdage fargerik gatekunst på ein vegg midt i sentrum
så vidt byrje å spele Snusmumrikken: Melodien i Mummidalen i lag med mannen min
vise fram og bruke min fine Markabluse
min bokhaug med Herriot-bøker, gleder meg til å lese fleire av dei 
lesing, musikk og ein pus i sofaen – dette er ein så koseleg illustrasjon
lese The Raging Storm, den tredje boka om Matthew Venn, og kjekt å sjå den i butikken
trass eit par kalde dagar, har sola vist seg på himmelen og ein kan kjenne at det er vår

7. mars 2024

Markabluse 💜



Strikking på togtur, strikking på balkongen, strikking i sofaen medan eg ser på ein serie, strikking i lag med krøllebølle. Markablusen har tatt tid, ikkje fordi det har vore vanskeleg eller keisamt, men fordi eg fyrst og fremst prioriterer lesinga når eg ikkje jobbar. Likevel har eg kost meg med å strikke Markablusen, ein langerma variant av Sensommer T-skjorta som eg strikka to av i fjor.



Garnet er det alltid mjuke Markagarnet frå Oslo Mikrospinneri, og fargen er Plomme, ein heilt nydelege mørkeraudlilla farge. I tillegg til fargen, elskar eg båthalsen og sadelskuldrene, og eg har allereie brukt genseren på jobb ein av dagane førre veke. Eg strikka den litt lengre enn T-skjortene sidan det er ein genser som eg nok kjem til å bruke mest om hausten, vinteren og kanskje no tidleg om våren. Og sjølv om det ikkje stod i oppskrifta, valde eg å felle av erma litt etter litt slik at dei ikkje blei så vide nedst på handledda. Mitt femte plagg strikka i Markagarnet, og nok ein gong er eg supernøgd med resultatet! No fortset eg med mitt andre lilla strikkeprosjekt på rad.

5. mars 2024

Hundvågstur i byrjinga av mars


Sola skein kanskje ikkje høgt på himmelen på sundag, men akk, så godt det var å gå ute likevel. Ein kjenner at no er det verkeleg vår! Balto var hos oss frå tidleg laurdag til utpå sundagsettermiddag. Eg jobba jo heile laurdagen, så då var det berre mannen min og krøllebølle som var ute og gjekk. Men på sundag var både eg og broremann med på ein akkurat passe gåtur ute på Hundvåg. Veldig kjekt å sjå at det var fleire innom dagsturhytta Vennskapshyttå ute på Kuneset, som du så vidt kan sjå midt i det øvste biletet. Balto stilte villig opp då eg ville knipse eit par bilete av han og sjøen.




Trur ikkje me hadde ein veldig spesifikk plan på akkurat kor me skulle gå, men det treng ein ikkje alltid. Var berre herleg å bevege på oss ute ein tidleg vårdag. Innimellom stoppa i alle fall eg opp, for det var fleire detaljar å få auge på: noko av det kulaste var absolutt klynga med fantastisk fargerike fuglehus. Og det lille huset med oransje karmar fanga også blikket mitt. Koseleg å sjå sauar på eit lite jorde i lag med ein knallraud traktor, eit lite stykke bondegard ikkje langt frå bykjernen.






Mine fine snøklokker. Eller, eg veit at dei ikkje er mine, men for ein liten augneblink er det dei der eg sit på huk og berre nyt synet av dei. Av våren. Tihi, eit lite sjølvknips av oss alle saman blei det mot slutten av turen, og me avslutta den med ein kaffi og noko attåt hos våre fine vener på Heddas gård. Slo av ein liten prat med dei før me traska tilbake til parkeringa. Årets fyrste ordentlege vårtur!

3. mars 2024

Sit her og lagar ei liste








Ordentleg sundagskjensle i dag med ein roleg morgon, liten kafétur med fine vener og ein tur i lag med mannen min, broremann og krøllebølle. I helga har me nemleg passa krølllebølle, kanskje aller mest min betre halvdel sidan eg jobba i går. På fredag hadde eg fri, jobba i går, fri i dag, skal på jobb i morgon og fri på tysdag. Puh, annankvar dag på jobb er ikkje heilt gunstig, men slik blir det av og til. Godt er det i alle fall at eg har sykla til jobben to av fire dagar (dei to andre bøtta det verkeleg ned ute), og det er berre så herleg å kjenne sola i andletet. Kjenner at det har vore ein litt tung haust og vinter, og det tar tid å komme meg ovanpå igjen. Sol, snøklokker og lysare dagar gjer det i alle fall med eitt litt betre. For tida er eg også godt i gong med fleire kjekke bøker, og eg senker skuldrene kvar gong eg klarer å setje av tid til å lese. Og lesing blir det også om litt, ei lita liste er no klar:
 
Auđur Ava Ólafsdóttirs nyaste bok Eden var ei kjekk leseoppleving
ut på tur på Hundvåg i dag med godgjengen, og det blei også ein tur innom Heddas gård
Balto som slappa av på golvteppet medan me las i kvar vår bok og drakk resten av kaffien
byrje å sjå Martin Compston's Norwegian Fling på NRK Nett-TV
lesestund i sofaen med kvar vår bok
superkoseleg å vere på kafé med tre fine veninner
morgonstund med denne lille strikkafrosken
hi, hi, prøvde meg på eit lite sjølvknips medan eg smilte og naut det å sykle til jobb i solskinet
frostmorgon i starten av veka
cappuccino og knallgod sandwich på kafé tidlegare i dag
kule detaljar på eit hus: eit lite, boge vindauge
kan ikkje anna enn å sukke, på ein god måte, over solnedgangane mot slutten av februar
snøklokker!!!
gøy å sjå Spiselig hage, boka til Dennis, på Mammut-salet  
noko forutsigbar krim: Vreden av Alex Michaelides, men det var i alle fall nokre overraskingar
kundar som takkar for god service
ny vlog frå Jonna med både ned- og oppturar
boka Iris Kelly Doesn't Date av Ashley Herring Blake, litt kjekt å vere tilbake i Bright Falls
måndagsfri med ein liten gåtur i heilt nydeleg vêr
fuglekvitteret om morgonane