7. sep. 2016

Snartur til Tigerstaden

I helga så var han fine og eg på ein snartur til Oslo der me nemleg skulle sjå Singin' in the rain på Folketeateret. På veg bort tok me fly, medan me tok toget på veg tilbake på sundagen. Sidan me berre skulle vere vekke i halvanne døgn (om eg reknar med togturen), tok eg ikkje med speilrefleksen, berre det lille kameraet. No skal det seiast at det til slutt enda med at det eg ville ta bilete av, blei tatt med mobilkameraet. Men eigentleg herleg å ha ei helg der eg ikkje tenkte så mykje på kamera og bilete :) Uansett, turen var fin, og den starta med ein artikkel om Roald Dahl i magasinet til Norwegian. Eg blir alltid så glad av å sjå dei herlege illustrasjonane til Quentin Blake.


Viss eg ikkje hugsar feil, var me framme i Oslo sentrum halv tolv laurdag formiddag. Fann hotellet, og der slappa me av ein liten halvtime før det var ut for å finne Gudrun Sjödén-butikken og Lagerhaus. Me fann fram, og i begge butikkane fann eg noko eg likte. Veldig nøgd, og dei to plagga frå Gudrun-butikken kjem eg nok til å vise fram seinare :) Eit stopp i Spikersuppa og ein kaffidate på Kaffebrenneriet blei det også. Seier sjeldan nei til ein kopp kaffi, og her var den verkeleg god!


Sidan me fyrst var i nærleiken, gjekk me opp til Slottet og slottsplassen. Med tanke på at eg berre nokre dagar før hadde latt meg glede av ein lyktestolpe som minna meg om Narnia, måtte eg ta eit nærbilete av denne lyktestolpen. Den var jo ikkje heilt lik, men den var jo ganske så stor og flott.


Middagen åt me på restauranten Brazzeria i Østbanehallen (god mat der, ja), og så var me klare for turens høgdepunkt. Som vanleg song eg litt med innimellom, og forestillinga skuffa ikkje!


Sundagen kom, og sidan toget ikkje skulle gå før 11.25, hadde me greitt med tid på å ete frukost og pakke saman dei få tinga me hadde med oss. Stod litt og venta på perrongen på Oslo S før toget kom. Las ein heil haug i gode bøker i løpet av togturen. Kaffi blei det også (sånn går det når ein er i komfortvogna). Titta ut av vindauget innimellom, sov litt og mot slutten av turen såg me fyrste episode i sesong tre av Six Feet Under. Alt i alt ein kjempefin helgetur i Oslo og ein bra togtur heim.

Legg igjen ein fin tanke