4. sep. 2016

Heime og i hovudstaden

Som vanleg har helga gått litt for fort, og om berre nokre timar er det plutseleg måndag igjen. Er ikkje mange timar sidan me kom heim frå helgetur til Oslo der høgdepunktet (og sånn sett grunnen til turen) var å sjå Singin' in the rain på Folketeateret :) Kjempebra forestilling!  Og sjølv om me berre var eit drygt døgn i Oslo, var det ein kjekk tur! Har hatt eit par dagar på jobb, fyrste øving med orkesteret etter sommaren og mykje lesing. Veka mi oppsummert ganske så kort, og nedanfor har eg som vanleg samla saman fine saker og lenkjer som har gleda meg i veka som har gått:

✦ gå tur i nærområdet og oppdage ein lyktestolpe som gir meg assosiasjonar til Narnia
✦ sjå Jane Eyre, miniserien frå 2006
✦ fyrste øving med orkesteret etter sommaren
✦ kjøpe tallerkenstøtter og setje fram dei fine retrotallerkenane
✦ Les Miserablés-inspirert song i programmet Whose Line is it Anyway?
✦ besøke mamma, pappa og ein krabat som er over gjennomsnittet glad i tær ;)
✦ finne noko fint i Gudrun Sjödén-butikken i Oslo
✦ fantastiske bilete og videosnutt av eit møte med ein rev og desse kattungane inne hos Rania
✦ nyte sola i hovudstaden med kvar vår is i Spikersuppa
✦ finaste skildringa av ein fisketur
✦ gå i knallgul kjole og raude sko og titte ned på fargerikt haustblad
✦ gamle brudekjolar
✦ vere litt turist i Oslo der me gjekk opp til slottet
✦ fortsetje å lese i gode bøker, er så godt å kjenne på lesegleda
✦ oppleve Singin' in the rain Folketeateret
✦ møte på ein kompis etter forestillinga og takke for kjempebra speling (han er med i bandet)
✦ å lese denne om korleis mange av bustadreportasjane rundt kan verke uoppnåelege
✦ teikne litt i Harry Potter-teikneboka som mannen kjøpte til meg førre veke
✦ ta toget heim frå Oslo, berre slappe av, lese i ei bok, sjå ein episode av Six Feet Under

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ragnhild sa...

Fin liste! Jane Eyre-serien er skikkeleg god, og høver jo godt no på hausten.

Likte for øvrig skoa dine, fekk assosiasjonar til Oz. Og eg ser vi har same kjolen, berre at eg har han i raud!

(Og so kjekt å bli linka til - takk! No får eg vel kome i gong att med blogginga, etter det som plutseleg var blitt ein månad utan verken skriving eller lesing.)

Silje sa...

Liker godt Jane Eyre-filmen frå 2011 også, men den miniserien er den beste ^^ Morosamt med assosiasjonar til Oz :D Både skoa og kjolen er frå New York då me var der i 2014 (oi, tida går så altfor fort...). Og så er det alltid kjekt å kunne dele eit slikt innlegg; hurra for lenkekjærleik ^^

Legg igjen ein fin tanke