11. mars 2015

To blå skopar, og litt om gifteringane

I haust, då me var ein tur i Trondheim, fann me jo gifteringane våre hos Gullsmed Aas. Fyrst no, fem månadar etterpå, er dei endeleg på plass her hos oss. Det som tok tid, var å finne den rette inskripsjonen. Og etter nokre månadar med tenking, fann me noko som me begge fall for. Kva det er og korleis ringane ser ut, får de ikkje sjå før etter bryllaupet ;) Men skoa eg skal bruke, kan de derimot få sjå. Det skoparet med hæl, dei som er mest kongeblå i fargen, fann eg på Bianco i fjor sommar. Prøvde å sjå etter eit skopar då me var i New York, men der var dei anten feil i fargen, hælane var for høge eller så var det ikkje min stil. I januar fann eg i tillegg eit par ballerinasko på Mango, og sidan dei var på sal, tenkte eg at det berre var å slå til. For det kan vere greitt å kunne ha nokre flate sko å bytte til på den store dagen. Sko med litt hælar er ikkje den skotypen eg bruker mest sånn til vanleg, så eit par flate kan vere greitt slik at føtene mine får kvilt seg litt. Å ha to skopar som er så godt som kongeblå, er jo berre perfekt. Og det beste: eg kan fint bruke desse skoa etter bryllaupet og ikkje kun til den store dagen. I går var me forresten ein tur innom Kronen Gaard, der middagen og festen skal vere, for å snakke litt om meny, bordoppsetting, overnatting m.m. Det er så fint der ute, og så er det kjekt å sjå og kjenne at detaljane byrjar å falle på plass :)

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Moder'n på Møre sa...

Nydelige sko!
Og gjett hvem som for "ørten" år siden kjøpte ringer hos samme gullsmed?

Silje sa...

Heilt einig i at dei er nydelege! :) Og det med ringane er jo litt artig :)

Legg igjen ein fin tanke