9. feb. 2015

Fargesterk kåpe

Ein sundag i august, då me var på haustmarknad på Tou Scene, fann eg denne knallraude kåpa til berre hundre kroner. Har fått brukt den ein god del i løpet av hausten og vinteren. Varm og god, og fargen er jo berre nydeleg! Som eg har nemnt før, så blir diverre nokre av bileta litt slørete når eg lastar dei opp til bloggen. Men, men. Fargen på kåpa er i alle fall korrekt ;) Hadde som sagt ei fin helg, men i og med at oppgåva no er utdelt, blir det nok ein del skriving og pensumlesing dei nærmaste dagane. Skal ha kollokviegruppe på torsdag, så heilt aleine om oppgåva blir eg ikkje :)

Legg igjen ein fin tanke