19. jan. 2015

Godbitar frå Reykjavik

Innimellom, når dagane går i eitt og eg ikkje heilt veit kor eg skal starte, tar eg meg i å tenkje tilbake på reisen vår til Reykjavik og NY i fjor. Å kunne reise bort, oppleve så utruleg mykje, gjere nye ting og ikkje tenkje på skule, er ei kjensle som verkeleg er god å kjenne på i ny og ne. Eg veit at me nettopp har hatt juleferie, at me så vidt er i gong med eit nytt år, men det må jo vere lov til å ta ein pust i bakken og smile av alt det fine me opplevde (og det blir jo opplevingar i fleng også i år med bryllaup og Vinjerock av dei som er plotta inn i kalenderen). I dag vil eg dele nokre fleire bilete frå dei få dagane me var i Reykjavik. Eg har allereie delt desse bileta, desse og desse. Ovanfor kan de sjå endå fleire godbitar: 1. ei lita borg som kunne vore med i Ringenes Herre, 2. kaffi på kjøpesenteret Smáralind, 3. fersk tomatsuppe på ein tomatplantasje, 4. geysir, 5. Gullfossen, 6. reklame for videoutleige, 7. og 8. Hallgrímskirkja, 9. meg i The Blue Lagoon, 10. finaste luftballongen (me kjøpte ein mini grøn- og kvitstripete) og 11. nokre gongar er islandsk ganske enkelt å forstå. Så kjem det nok eit innlegg eller tre med fleire bilete frå New York etter kvart ;)

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ine sa...

Å, jeg er så glad i Reykjavik! Mannen min er halvt islandsk, så vi har en god unnskyldning til å reise dit med jevne mellomrom for å besøke familie. Vi var der sist i fjor vår, og jeg håper det ikke blir lenge til neste gang!

Silje sa...

Me har veldig lyst til å ein gong reise tilbake dit. Me var der nemleg berre i tre dagar, sånn rett før me drog til NY, så me fekk ikkje sett alt. Reykjavik (og Island) gjorde eit inntrykk på oss, og eg trur det har så mykje å by på som me ikkje fekk opplevd på dei tre dagane :) Kjekt å ha litt familie der, ja :D

Legg igjen ein fin tanke