6. des. 2014

Frå ei reise

Etter å ha vore på skulen i heile dag, i alle fall i fleire timar, er det herleg å komme heim, vite at ein kan ta laurdagskveld i sofaen med heimelaga pizza, film og kjærasten med veldig godt samvit. Dagens luke i bloggjulekalenderen hos Emily Dahl er "en bild från en resa du gjorde under året". Umogleg å velje berre eitt bilete, men sjølv om me har vore på Vinjerock, i storbyen New York, i bursdagsfest på Oppdal, tur til Trondheim i haust og på Sjøholt i påska i løpet av året, er Reykjavik så annleis og spesielt og difor blir det eit par bilete derifrå i dagens luke. Eg har tidlegare vist dykk bilete som dette frå både geysirane og Gullfossen og i oktober posta eg dette innlegget om Cafe Babalú. Det øvste biletet er tatt frå bussturen ut til The Golden Circle (sjå dei fine fargane), det i midten frå kaféen og nedst: den blå lagune. Drar gjerne tilbake, sånn no med ein gong ;)

Legg igjen ein fin tanke