29. sep. 2014

"MUNA"



"You can have whatever you can dream of". Sit her og høyrer på CD-en som låg i postkassa vår i går. Å berre sitje ned, lytte, slappe av, sjå på coveret av Nahid Hagitat og alle dei fine illustrasjonane og lese tekstane i heftet gjer rett og slett godt etter tre timar forelesning om forenkling og kompleksifisering i språk. Markéta Irglová har ei stemme som berre er heilt nydeleg og eg får ei ro over meg, ei ro der eg får ei varm kjensle, skuldrene senkast og hovudet blir meir klart. Slik som då eg skulle til å måle inne i leilegheita i går; motivasjonen var der ikkje, men med den musikken ut i rommet, klarte eg å vere litt meir positiv. Skuldrene mine senka seg og eg kjente at det var betre å berre byrja enn å tenkje på at eit rom med to strøk på fire veggar er ein stor jobb ;) Mitt fyrste møte med Irglová trur eg må ha vore då eg ein kveld bestemte meg for å sjå den irske musikkfilmen Once, den same Once som me såg som musikal i New York i sommar. Eg fall vel mest for historia og den Oscarprisa songen "Falling Slowly" som ho skreiv i lag med Glen Hansard. Men etter kvart byrja eg å høyre meir og meir på alle songane frå filmen, og etter kvart også på andre songar skrive av dei begge to. Og etter endå ei stund høyrde eg meir og meir på Markéta sine songar (har tidlegare nemnt ho i innlegg som dette og dette). I løpet av det siste året, har eg høyrt mykje på albumet hennar ANAR som ho gav ut i 2011, og då eg fann ut at ho skulle komme ut med eit nytt album i haust, visste eg med ein gong at eg gjerne ville ha ein fysisk kopi (for eg må jo innrømme at eg ikkje kjøper CD-ar i noko særskilt grad lengre). No sit eg her med albumet i handa, signert og det heile og med fantastiske illustrasjonar av Mary Reynolds inne i songheftet. Dette er eit album eg verkeleg skal kose meg med utover hausten medan eg les pensum eller sit under eit pledd med kaffikoppen. Eller når eg treng litt ro eller berre eit ekstra lite puff for å komme i gong med dagens gjeremål. Over kan de høyre ein av songane frå albumet, så innmari fin!

Legg igjen ein fin tanke