1. nov. 2013

PWC-messa

Kunne gått der i fleire timar utan noko problem. På PWC-messa i Åsenhallen om du lurte. PWC-Stavanger, Petroleum Wife's Club, no People Who Connect, har sidan 1977 hatt ei eiga messe med masse handarbeid som ein kan komme å sjå på og også kjøpe om ein finn noko fint. Her kan ein verkeleg finne nokre fine julegåver som er ganske så annleis enn ting me finn i vanlege butikkar, til dømes fine pingvinar laga av glass, ramma inn til å ha på veggen. Eg fekk med meg kjærasten, og saman gjekk me rundt og berre titta. Fann jo noko fint, men i og med at det er julegåver, så kan eg ikkje vise dei no (men legg likevel ved nokre andre bilete). Var også ein tur innom IKEA, og før middag, var pappa og eg ein tur innom mormor. Mykje latter og fine samtalar i dag :) Til slutt var me på øving med brassbandet frå 20-22, så får me sjå korleis det går i morgon...

Legg igjen ein fin tanke