28. aug. 2012

Sjølvportrett

Dagane går fort og eg er godt i gong med andre skuleveke. Desse to dagane, måndag og tysdag, har me hatt eit emne som heiter "innføring i litterær analyse". Emnekoden er NO-143, så no veit de det. Var på ein veldig okei dugnad saman med korpset i går. Me lukte nokre bed, la på ny duk og ny bark. Me hadde ikkje med oss ein skikkeleg kant- eller grasklippar, så me gjorde alt for hand. Tungt var det, men kva gjer vel det når ein arbeider i lag med så mange kjekke folk?! :) Eg vil i alle fall seie det at eg trivst veldig som medlem i Agder brass. Det er kjekt å spele med folka, vere med dei, rett og slett vere ein del av eit sosialt miljø. Legg ved eit sjølvportrett som ein del av trettidagarsutfordringa som eg fann på Pinterest. Det er enkelt og greitt ei utfordring der ein i løpet av tretti dagar skal ta bilete av forskjellige motiv. Eg kjem ikkje til å følgje denne slavisk, ei heller legge ut bilete kvar dag, men eg synest det er litt artig å prøve noko nytt, og fyrste motivet i denne utfordringa var altså eit sjølvportrett. Biletet er ikkje frå i dag, men etter ein dag med både skule og jobb, freista det ikkje heilt å ta bilete av meg sjølv. Men eg lovar; dei neste bileta i denne "utfordringa" skal vere nye og ferske :)

Legg igjen ein fin tanke