28. aug. 2016

Leseglede og mykje anna bra siste veka i august

Mannen var jo på seminar i Bergen måndag-fredag, så denne veka har eg mått klare meg sjølv her heime. Det har eigentleg gått ganske greitt, men det var veldig, veldig fint å få han tilbake på fredag :) Eg har vore innom jobb, lese mykje i bøker, sett eit par filmar, hatt besøk og høyrt på musikk. No i helga har me gått to turar, ein lang og ein kortare, og elles berre slappa av. Veldig bra helg med andre ord! Håper du som les dette har hatt ei like bra helg og at du finn glede i mi lille sundagsliste:

✦ le av boka Høytleseren på 06.27-toget på bussen på veg til jobb
✦ og lese ut den same boka med ein kopp juksecappuccino
✦ lytte til den nye songen av Laurence Fox
✦ sjå Love, Rosie ein kveld aleine heime
✦ kjenner meg igjen i denne skildringa om det å kle seg i fargar, å vere seg sjølv, inne hos Sara
✦ besøk av ei god veninne med mykje prat og den besteste RENT
✦ veldig fascinerande og kjekt å sjå på NRK-serien Draumehuset 
✦ gå tur rundt Hålandsvatnet
✦ høyre denne Melodi Grand Prix-låta som ringjetone på ein gammal mobil på biblioteket
✦ ordentleg leseglede
✦ "Ny sjangse, nye studier" inne hos røverdatter
✦ vere på konsert med Stavanger symfoniorkester saman med mannen min
✦ og at me etter konserten traff på nokre kjentfolk og var med dei ut ein liten tur
denne forvandlinga av ein kjole må berre sjåast
✦ sykle forbi bilkøen på Madlaveien
✦ at slottet i The Secret Garden (1987-versjonen) er det same som i Downton Abbey
✦ "Absolutt bra nok til å vere deg" – kategorien me hamna i etter å ha klart elleve og eit halvt poeng (av tjue spørsmål) i Dag og Tid-quizen
✦ må jo få til å dra til Kongevegen over Filefjell ein gong
✦ rask, men herleg sundagstur i Vålandsskogen
✦ alltid kjekt å lese at det kjem nye filmatiseringar av Agatha Christie-historier

27. aug. 2016

Glimt frå ein laurdag i Larvik

Ei veke er allereie gått sidan me traska rundt i Larvik by. Før sjølve bursdagen i Åsgårdstrand hadde me nokre timar med null program, så han fine og eg gjekk frå Toldgaarden og bort til torget. Stakk oppom kyrkja berre for å sjå sidan den ligg rett ved gjestegarden. Gjekk ned mot sjøen der det var ein fin park med vakre blomar, og vidare langs sjøen, såg me ein mini-Kon-Tiki.


Slike skilt er alltid så fine og desse fargerike blomane nesten endå vakrare enn dei fyrste me såg.


For eit arbeid! Thor Heyerdahl med steinstatuane frå Påskeøya på ein vegg nær torget. Ser jo nesten ut som om det renn snue frå nasen hans, men det var berre fordi arbeidet ikkje var ferdig (trur det var så godt som ferdig då me drog sundag morgon, det såg i alle fall slik ut). Street art er alltid like kult! Ein annan detalj var denne skrifta på bakken ikkje langt unna Heyerdahl.


Vel framme ved torget, fann me ein liten kafé, nærmare bestemt Sara's Cafe og Minibakeri. Herleg og koseleg atmosfære med gamle møblar og andre små, rare saker :) Drakk kvar vår kaffi, delte ei bolle og berre slappa av før det var tilbake til gjestegarden og til slutt vidare til bursdagsfeiringa :)

26. aug. 2016

Breiavatnet v8

Vêret var ein god del finare førre tysdag enn det det er i dag. Det var også førre tysdag at me gjekk ned til byen for å sjå BFG på kino. Eg hadde med meg det lille kameraet i veska slik at eg fekk tatt nokre bilete av Breiavatnet. Den åttande månaden i året og det åttande blogginnlegget av den same plassen. Vatnet midt i byen. Sjå dei små forandringane, månad for månad, årstid etter årstid. Det siste biletet er forresten omtrent det same som eit av dei eg tok i mars. Her kjem snart mannen min heim etter å ha vore på konferanse i Bergen sidan måndag. Det gledes, og saman skal me på konsert med Stavanger symfoniorkester seinare i kveld. God fredag og god helg, alle saman!

25. aug. 2016

Sjømennenes minnehall og Stavern

Før me åt middag førre fredag, drog me alle fire frå Larvik og inn til Stavern der me så vidt fekk med oss Minnehallen. Sjømennenes minnehall er eit nasjonalt minnesmerke over norske sjøfolk i handelsflåten som mista livet under 1. og 2. verdskrig. Det er eit stort minnesmerke, bygd som ein slags pyramide. Inne er det friser oppe ved taket og ein stein med dikt av Herman Wildenwey. Nede i kjellaren finn ein minneplater på veggane med namn på dei som mista livet. Flott og sterkt.


Viss ein går rundt langs Minnehallen, får ein sjå ein knallfin utsikt over Korntin og ein del av Stavern. Vêret var verkeleg på vår side den fredagskvelden. Sol og sommar, litt vind i håret. På ei av bergsidene ved Minnehallen er det hogga inn eit dikt, eller minneord, også dette av Wildenwey.


Etter å ha vore ved og i Minnhallen, var det på tide å finne barndomsheimen til mamma, noko me faktisk gjorde :) Me åt middag, og gjekk også litt rundt berre for å sjå oss omkring. Tordenskiold såg me på avstand, og dette lange, raude huset med alle blomane drog meg rett tilbake til Danmark.


Stavern kyrkje, eller Frederiksvern kyrkje som den eigentleg heiter, er frå 1756 og blei oppført som ei garnisonskyrkje. Det var her mamma blei døypt då ho var lita. Ei veldig fin kyrkje, noko som alle blomane ved kyrkja var med på å forsterke. Til slutt blei det visst også eit bilete av han og eg :)

24. aug. 2016

Seks bilete på ein kvit vegg

Neimen ikkje lett å ta bra bilete inne på eit rom der det ikkje finst dagslys. Men eg har no prøvd, for me har fått opp nokre bilete på den elles så kvite veggen inne på badet vårt. Veldig nøgd med resultatet, og ein får jo eit visst inntrykk sjølv om bileta ikkje er dei aller beste. Har lenge hatt lyst til å gjere noko med badet, men me tar det litt etter litt. Ei lita forbetring er det no uansett :)

22. aug. 2016

Toldgaarden Gjestegaard

I helga var me jo som nemnt i 70-årsdag til ein av mine onklar. Mamma, pappa, mannen min og eg køyrde i samla tropp i ein bil. Sjølv om selskapet var i Åsgårdstrand, overnatta me i Larvik fordi mamma hadde funne den perfekte overnattingsplassen for oss fire. Sjå så fint! Toldgaarden Gjestegaard er ein plass eg gjerne kjem tilbake til! Gjestegarden vann Larvik kommunes bevaringspris i 2010 og eg skjønner kvifor. Og alle dei fargane, knallstore tomatar, vakre blomar.


Traska litt rundt i bakgarden før me drog ut for å ete middag fredag kveld. Ein liten fontene var der også. Rett og slett så mange fine, koselege og fargerike detaljar, skulle berre ønskje at me hadde hatt litt betre tid slik at me kunne ha vore ute til langt på kveld, lese i kvar vår bok, berre slappe av.


Tok også eit par bilete frå den leilegheita som me alle fire budde i. Eg kallar det i alle fall leilegheit sidan det var både eit soverom, bad og kjøkken med alt ein treng for å bu der over lengre tid. Me budde på ein måte på loftet over ein garasje, og det er difor taket er så skrått ;) Her har ein alt ein treng for ei helg eller ei veke om ein er der til dømes om sommaren. Ein fin overnattingsstad!


Og til slutt endå fleire bilete frå bakgarden. Toldgaarden er absolutt ein overnattingsplass eg varmt anbefaler vidare om du eller nokon du kjenner plutseleg skal ein tur til Larvik eller i nærleiken.

21. aug. 2016

Litt av kvart frå aust og vest

Ikkje mange timar sidan me kom heim etter ei helg i Larvik (der me overnatta) og i Åsgårdstrand (der 70-årsfeiringa for onkelen min var). Me har hatt det alle tiders med bra folk, fin biltur og ein del nytt å sjå. Tidlegare denne veka har det vore litt jobb, mykje lesing og elles lite nytt å fortelje. Blir nok snart leggjetid her etter køyreturen, men ei lita sundagsliste har eg klart å pusle saman:

✦ feire onkel sin 70-årsdag
✦ kjekt å lese "Historier bak mine bruktfunn" inne hos Julianne
✦ planleggje snartur til Oslo om to helger (skal jo sjå Singin' in the rain)
✦ drikke kaffi av ein kopp frå House of Rym (og sjekk ut retroduken)
✦ stoppe ved Honnevje rasteplass i Valle
✦ spele "Scrabble" midt i veka
✦ bla i IKEA-katalogen
✦ viktig lesing om fosterforeldre
✦ stikke innom Stavern for å sjå mamma sin barndomsheim, gå litt rundt og ete ein god middag
✦ overnatte på fine Toldgaarden Gjestegaard i Larvik
✦ lese i Inferno av Dan Brown
✦ gå til byen i finvêret for å sjå BFG (SVK - Store Vennlige Kjempe) på kino
✦ kjøpe to reisehandbøker på tilbod på vegen vår austover
✦ alle dei fine bidraga i månadens Monthly Makers
✦ køyre Suleskarvegen og sjå den ville, norske naturen
✦ danse vals i bursdagen